Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 20 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Arbeidarane i vingarden

1. Himmelriket kan liknast med ein husbond som gjekk ut tidleg om morgonen og ville leiga arbeidsfolk til vingarden sin.

2. Han vart samd med arbeidarane om ein denar for dagen og sende dei bort i vingarden.

3. Så gjekk han ut ikring den tredje timen og fekk sjå nokre andre som stod ledige på torget.

4. Han sa til dei: Gå bort i vingarden, de òg! Så skal de få det som rett er.

5. Og dei gjekk. Sidan gjekk han ut ikring den sjette og niande timen og gjorde like eins.

6. Då det leid til den ellevte timen, gjekk han ut att og fann endå nokre som stod der. Han seier til dei: Kvifor står de her arbeidslause heile dagen?

7. Fordi ingen har leigt oss, svara dei. Då sa han: Gå bort i vingarden, de òg.

8. Om kvelden sa vingardseigaren til hushaldaren sin: Rop inn arbeidsfolket og lat dei få løna si! Ta til med dei siste og hald fram til dei fyrste.

9. Så kom dei som var leigde ikring den ellevte timen, og fekk ein denar kvar.

10. Då dei fyrste kom, venta dei å få meir; men dei fekk kvar sin denar, dei òg.

11. Dei tok imot pengane, men murra mot husbonden

12. og sa: Dei som kom sist, har ikkje arbeidt meir enn ein time, og så set du dei likt med oss som har slite og sveitta heile dagen!

13. Han sa til ein av dei: Eg gjer deg ikkje urett, venen min. Var vi ikkje samde om ein denar?

14. Ta ditt og gå! Men eg vil gje han som kom sist, like mykje som deg.

15. Har eg ikkje lov å gjera med mitt som eg vil? Eller gjer det deg vondt å sjå at eg er god?

16. Såleis skal dei siste verta dei fyrste og dei fyrste dei siste.»

Jesus talar tredje gongen om at han skal døy og stå opp att

17. Jesus drog no opp til Jerusalem. På vegen tok han dei tolv læresveinane til sides og sa:

18. «Sjå, vi dreg opp til Jerusalem, og Menneskesonen skal gjevast i hendene på overprestane og dei skriftlærde. Dei skal døma han til døden

19. og gje han over til heidningane, så han vert spotta, piska og krossfest. Og tredje dagen skal han stå opp att.»

Ikkje råda, men tena

20. Då kom mor åt Sebedeus-sønene til Jesus med sønene sine og fall på kne og ville be han om noko.

21. «Kva er det du vil?» spurde han. Ho svara: «Lov meg at desse to sønene mine skal få sitja attmed deg i riket ditt, den eine på høgre og den andre på venstre sida.»

22. «De veit ikkje kva de bed om,» sa Jesus. «Kan de drikka den skåla som eg skal drikka?» «Det kan vi,» svara dei.

23. Då sa han: «Mi skål skal de nok drikka; men kven som skal sitja på mi høgre og venstre side, er det ikkje mi sak å avgjera. Der skal dei sitja som Far min har etla det åt.»

24. Då dei ti andre høyrde dette, vart dei arge på dei to brørne.

25. Men Jesus kalla dei til seg og sa: «De veit at fyrstane er herrar over folka, og stormennene har velde over dei.

26. Såleis er det ikkje hjå dykk. Den som vil vera stor mellom dykk, skal tena dei andre;

27. og den som vil vera den fremste av dykk, skal vera træl for dei andre.

28. Menneskesonen er heller ikkje komen for å tenast, men for å tena og gje livet sitt til løysepeng for mange.»

Jesus lækjer to blinde

29. Då dei tok ut frå Jeriko, fylgde det mykje folk med han.

30. Attmed vegen sat det to blinde, og då dei høyrde at Jesus gjekk framom, ropa dei: «Herre, du Davids son, miskunna deg over oss!»

31. Folket skjente på dei og bad dei teia, men dei ropa endå høgare: «Herre, du Davids son, miskunna deg over oss!»

32. Då stogga Jesus, bad dei koma og sa: «Kva vil de at eg skal gjera for dykk?»

33. «Herre, lat oss få synet!» svara dei.

34. Jesus tykte hjarteleg synd i dei og tok bortpå augo deira. Med ein gong kunne dei sjå, og dei fylgde han.