Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 25 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Dei ti brurmøyane

1. Då kan himmelriket liknast med ti brurmøyar som tok lampene sine og gjekk ut og ville møta brudgomen.

2. Fem av dei var uvituge, og fem var kloke.

3. Då dei uvituge tok lampene sine, tok dei ikkje olje med seg.

4. Men dei kloke tok olje med seg i kanner attåt lampene sine.

5. Då det drygde før brudgomen kom, vart dei alle trøytte og sovna.

6. Men midt på natta høyrdest eit rop: «Brudgomen kjem! Gå og møt han!»

7. Då vakna alle brurmøyane og stelte lampene sine.

8. Og dei uvituge sa til dei kloke: «Lat oss få litt olje av dykk; lampene våre sloknar.»

9. «Nei,» svara dei kloke, «vi har ikkje nok både til oss og dykk. Gå heller til dei som sel, og kjøp sjølve.»

10. Medan dei var borte og ville kjøpa, kom brudgomen. Dei som var ferdige, gjekk saman med han inn til bryllaupet; og døra vart stengd.

11. Ei stund etter kom dei andre brurmøyane og sa: «Herre, herre, lat opp for oss!»

12. Men han svara: «Sanneleg, det seier eg dykk: Eg kjenner dykk ikkje.»

13. Så vak då, for de kjenner ikkje dagen eller timen.

Likninga om talentane

14. Det er som då ein mann skulle fara utanlands. Han kalla til seg tenarane sine og overlét dei alt han åtte.

15. Ein gav han fem talentar, ein annan to og den tredje ein talent – etter som kvar dugde til. Så drog han ut or landet.

16. Han som hadde fått fem talentar, tok straks til å handla med dei og tente fem til.

17. Han som hadde fått to, gjorde det same og tente to til.

18. Men han som hadde fått ein talent, gjekk bort og grov eit hol i jorda og gøymde pengane åt husbonden sin.

19. Då det hadde gått ei lang tid, kom husbonden heim att og ville halda rekneskap med tenarane sine.

20. Han som hadde fått fem talentar, kom fram og hadde med seg fem til og sa: «Herre, du gav meg fem talentar; sjå, eg har tent fem til.»

21. Då sa husbonden til han: «Det var rett, du gode og trugne tenar! Du har vore tru i lite, eg vil setja deg over mykje. Kom inn og gled deg i lag med husbonden din!»

22. Så kom han fram som hadde fått to talentar, og sa: «Herre, du gav meg to talentar; sjå, eg har tent to til.»

23. «Det var rett, du gode og trugne tenar!» svara husbonden. «Du har vore tru i lite, eg vil setja deg over mykje. Kom inn og gled deg i lag med husbonden din!»

24. Til slutt kom han fram som hadde fått ein talent, og sa: «Herre, eg visste at du er ein streng mann, som haustar der du ikkje sådde, og sankar der du ikkje strådde.

25. Difor vart eg redd og gjekk bort og gøymde talenten din i jorda. Sjå her har du ditt.»

26. Då sa husbonden til han: «Du låke og late tenar! Du visste at eg haustar der eg ikkje sådde, og sankar der eg ikkje strådde.

27. Då burde du ha gjeve pengane mine til dei som driv med utlån; så hadde eg fått dei att med renter når eg kom heim.

28. Ta difor talenten frå han og gjev han til den som har ti!

29. For den som har, han skal få, og det i overflod. Men den som ikkje har, skal missa jamvel det han har.

30. Kast den duglause tenaren ut i mørkret utanfor, der dei græt og skjer tenner.»

Domen

31. Men når Menneskesonen kjem i sin herlegdom og alle englane med han, då skal han sitja på kongsstolen sin i herlegdom.

32. Alle folkeslag skal samlast framfor han, og han skal skilja dei frå kvarandre, som ein gjætar skil sauene frå geitene,

33. og setja sauene på si høgre side, og geitene på si venstre.

34. Så skal kongen seia til dei på høgre sida: «Kom hit, de velsigna borna åt Far min, og ta i eige det riket som er etla åt dykk frå verda vart grunnlagd.

35. For eg var svolten, og de gav meg mat; eg var tyrst, og de gav meg drikke; eg var framand, og de tok imot meg;

36. eg var utan klede, og de kledde meg; eg var sjuk, og de såg om meg; eg var i fengsel, og de vitja meg.»

37. Då skal dei rettferdige svara: «Herre, når såg vi deg svolten og gav deg mat, eller tyrst og gav deg drikke?

38. Når såg vi deg framand og tok imot deg, eller utan klede og kledde deg?

39. Og når såg vi deg sjuk eller i fengsel og kom til deg?»

40. Men kongen skal svara dei: «Sanneleg, det seier eg dykk: Det de gjorde mot ein av desse minste brørne mine, det gjorde de mot meg.»

41. Så skal han seia til dei på venstre sida: «Gå bort frå meg, de bannstøytte, til den evige elden som er laga til åt djevelen og englane hans.

42. For eg var svolten, men de gav meg ikkje mat; eg var tyrst, men de gav meg ikkje drikke;

43. eg var framand, men de tok ikkje imot meg; eg var utan klede, men de kledde meg ikkje; eg var sjuk og i fengsel, men de såg ikkje om meg.»

44. Då skal dei svara: «Herre, når såg vi deg svolten eller tyrst eller framand eller utan klede eller sjuk eller i fengsel utan å hjelpa deg?»

45. Men han skal svara dei: «Sanneleg, det seier eg dykk: Det de ikkje gjorde mot ein av desse minste, det har de heller ikkje gjort mot meg.»

46. Så skal dei gå bort til evig straff, men dei rettferdige til evig liv.