Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 16 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Krav om teikn

1. Då kom farisearane og saddukearane og bad han visa dei eit teikn frå himmelen; dei ville setja han på prøve.

2. Men han svara: «Om kvelden seier de: Det vert godt ver, for himmelen er raud,

3. og om morgonen: I dag vert det uver, for himmelen er raud og mørk. Det de ser på himmelen, veit de å tyda, men tidarteikna kan de ikkje tyda.

4. Ei vond og utru ætt krev teikn, men ho skal ikkje få anna teikn enn Jona-teiknet.» Dermed snudde han seg frå dei og drog bort.

Den farlege surdeigen

5. Då dei fór over til den andre sida, gløymde læresveinane å ta brød med seg.

6. Jesus sa til dei: «Ta dykk i vare og akta dykk for surdeigen til farisearane og saddukearane.»

7. Dei tenkte på dette og sa til kvarandre: «Det er fordi vi ikkje har teke brød med oss.»

8. Men Jesus merka det og sa: «Kor lite tru de har! Kvifor talar de om at de ikkje har brød?

9. Skjønar de enno ingen ting? Hugsar de ikkje dei fem brøda til dei fem tusen, og kor mange korger de då fekk att?

10. Eller dei sju brøda til dei fire tusen, og kor mange korger de då fekk att?

11. Korleis kan de tenkja at det var brød eg tala om? Men ta dykk i vare for surdeigen til farisearane og saddukearane.»

12. Då skjøna dei at det ikkje var surdeig i brød dei skulle akta seg for, men læra til farisearane og saddukearane.

Peters vedkjenning

13. Då Jesus kom til bygdene ved Cæsarea Filippi, spurde han læresveinane sine: «Kven seier folk at Menneskesonen er?»

14. Dei svara: «Somme seier døyparen Johannes, andre Elia, og atter andre Jeremia eller ein annan av profetane.»

15. «Og de,» spurde han, «kven seier de at eg er?»

16. Då svara Simon Peter: «Du er Messias, den levande Guds Son.»

17. Jesus tok til ords og sa: «Sæl er du, Simon, Jonason. For dette har ikkje kjøt og blod openberra for deg, men Far min i himmelen.

18. Og det seier eg deg: Du er Peter, og på dette berget vil eg byggja mi kyrkje, og dødsrikeportane skal ikkje få makt over henne.

19. Eg vil gje deg nyklane til himmelriket; det du bind på jorda, skal vera bunde i himmelen, og det du løyser på jorda, skal vera løyst i himmelen.»

20. Så forbaud han læresveinane strengt å seia det til nokon at han var Messias.

Jesus talar om at han skal døy og stå opp att

21. Frå den tid tok Jesus Kristus til å gjera det klårt for læresveinane at han laut fara til Jerusalem, og at dei eldste, overprestane og dei skriftlærde skulle la han lida mykje. Han skulle verta slegen i hel, og tredje dagen skulle han stå opp att.

22. Då tok Peter han til sides og gav seg til å tala han til rettes og sa: «Gud hjelpe deg, Herre! Dette må aldri henda deg.»

23. Men Jesus snudde seg og sa til Peter: «Vik bak meg, Satan! Du vil føra meg til fall. Du har ikkje sans for det som Gud vil, berre for det som menneske vil.»

Å fylgja Jesus

24. Same gongen sa Jesus til læresveinane: «Vil nokon vera i lag med meg, må han seia nei til seg sjølv og ta krossen sin opp og fylgja meg.

25. For den som vil berga livet sitt, skal missa det. Men den som misser livet sitt for mi skuld, han skal finna det.

26. Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men taper si sjel? Eller kva kan eit menneske gje til vederlag for si sjel?

27. For Menneskesonen skal koma i herlegdomen åt Far sin med englane sine, og då skal han gje kvar og ein lika for det han har gjort.

28. Sanneleg, det seier eg dykk: Somme av dei som står her, skal ikkje smaka døden før dei ser Menneskesonen koma i sitt rike.»