Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 8 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Undergjerningar

Den spedalske mannen

1. Så gjekk Jesus ned frå fjellet, og mykje folk fylgde han.

2. Då kom det ein mann som var spedalsk, kasta seg ned for han og sa: «Herre, om du vil, kan du gjera meg rein.»

3. Jesus rette ut handa, tok bortpå han og sa: «Eg vil, vert rein!» Og med det same vart han reinsa for sjukdomen sin.

4. Då sa Jesus til han: «Sei ikkje dette til nokon, men gå og vis deg for presten og ber fram det offeret som Moses har gjeve påbod om. Det skal vera eit vitnemål for dei.»

Offiseren i Kapernaum

5. Då Jesus gjekk inn i Kapernaum, kom det ein offiser til han og bad om hjelp:

6. «Herre,» sa han, «tenaren min ligg lam heime og lid vondt.»

7. Jesus sa: «Eg skal koma og lækja han.»

8. «Herre,» svara offiseren, «eg er ikkje verdig til at du stig inn under mitt tak. Men sei berre eit ord, så vert guten min god att.

9. For eg må sjølv lyda dei som er over meg, og eg har soldatar under meg. Seier eg til ein av dei: Gå! så går han, og til ein annan: Kom! så kjem han, og til tenaren min: Gjer dette! så gjer han det.»

10. Då Jesus høyrde det, undra han seg og sa til dei som fylgde han: «Sanneleg, det seier eg dykk: Ikkje eingong i Israel har eg funne så stor ei tru.

11. Og det skal de vita: Mange skal koma frå aust og frå vest og sitja til bords med Abraham og Isak og Jakob i himmelriket.

12. Men arvingane til riket skal kastast ut i mørkret utanfor, der dei græt og skjer tenner.»

13. Og Jesus sa til offiseren: «Gå heim! Det skal verta som du trudde.» Og tenaren vart frisk i same stunda.

Peters vermor og andre sjuke

14. Då Jesus kom heim til Peter, fekk han sjå at vermor hans låg sjuk og hadde feber.

15. Han tok henne i handa; då gav feberen seg, og ho stod opp og stelte for han.

16. Om kvelden kom dei til han med mange som var forgjorde av vonde ånder. Han dreiv ut åndene med eit ord, og lækte alle som var sjuke.

17. Såleis skulle det oppfyllast, det som er tala ved profeten Jesaja:Han tok bort våre plagerog bar våre sjukdomar.

Jesus krev alt

18. Då Jesus såg alt folket som hadde samla seg ikring han, sa han til læresveinane: «Lat oss fara over til hi sida av sjøen.»

19. Ein skriftlærd kom til han og sa: «Meister, eg vil fylgja deg kvar du går.»

20. Jesus svara: «Revane har hi, og fuglane under himmelen har reir, men Menneskesonen har ikkje noko han kan kvila hovudet sitt på.»

21. Ein annan, ein av læresveinane, sa til han: «Herre, lat meg fyrst få gå heim og gravleggja far min.»

22. Men Jesus svara: «Fylg du meg, og lat dei døde gravleggja sine døde.»

Jesus stiller stormen

23. Så gjekk han ut i båten, og læresveinane fylgde han.

24. Brått bles det opp til storm på sjøen, og bylgjene slo over båten. Men Jesus sov.

25. Då gjekk dei bort og vekte han og sa: «Herre, frels! Vi går under!»

26. Han svara: «Kvifor er de så redde? Kor lite tru de har!» Så reiste han seg og truga vinden og sjøen, og det vart blikande stilt.

27. Mennene undra seg og sa: «Kven er dette? Både vind og sjø lyder han.»

To forgjorde menn frå gravholene

28. Då Jesus kom over på hi sida, til Gadarenar-landet, møtte han to forgjorde menn som kom ut or gravholene. Dei var så ville at ingen kunne koma fram den vegen.

29. Dei sette i og ropa: «Kva har du med oss å gjera, du Guds Son? Er du komen hit for å pina oss før tida?»

30. Eit godt stykke der ifrå gjekk det ein stor svineflokk på beite.

31. Og dei vonde åndene bad han: «Driv du oss ut, så send oss inn i svineflokken.»

32. «Far av stad!» sa Jesus. Og dei fór ut or mennene og inn i svina. Då sette heile flokken utfor eit stup og ned i sjøen, og der drukna dei.

33. Gjætarane rømde og sprang inn til byen. Der fortalde dei alt, og sa korleis det hadde gått med dei forgjorde.

34. Heile byen kom ut og ville møta Jesus. Og då dei fekk sjå han, bad dei han fara bort frå bygdene deira.