Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 27 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Rådet sender Jesus til Pilatus

1. Då det vart morgon, møttest alle overprestane og dei eldste i folket og samdest om at Jesus laut døy.

2. Dei batt han, førte han bort og gav han over til landshovdingen Pilatus.

Judas angrar og tek livet sitt

3. Då Judas, svikaren, såg at dei hadde dømt Jesus, angra han og bar dei tretti sølvpengane attende til overprestane og dei eldste

4. og sa: «Eg synda då eg sveik ein skuldlaus og sende han i døden.» Men dei svara: «Kva skil det oss? Det vert di sak.»

5. Då kasta han pengane inn i templet og gjekk bort og hengde seg.

6. Men overprestane tok sølvpengane og sa: «Det er ikkje tillate å leggja dei i tempelkista; for det er blodpengar.»

7. Så vart dei samde om å kjøpa Krusmakaråkeren for pengane og bruka han til gravstad for framande.

8. Difor heiter han Blodåkeren den dag i dag.

9. Då vart det oppfylt, det som profeten Jeremia har sagt:Dei tok dei tretti sølvpengane,det som han var verdsett til,han som israelittane ¬lét verdsetja,

10. og gav dei ¬for Krusmakaråkeren,så som Herren baud meg.

Jesus for Pilatus

11. Så vart Jesus ført fram for landshovdingen. Og landshovdingen spurde han: «Er du kongen over jødane?» «Det er dine ord,» svara Jesus.

12. Men då overprestane og dei eldste kom med klagemåla sine mot han, svara han ikkje.

13. Då sa Pilatus til han: «Høyrer du ikkje alt det dei klagar deg for?»

14. Men Jesus svara han ikkje på noko av dette, så landshovdingen undra seg svært.

15. Kvar høgtid var landshovdingen van å gje ein fange fri, den som folket ville ha.

16. Den gongen hadde dei ein velkjend fange som heitte Barabbas.

17. Pilatus spurde no folket som hadde samla seg: «Kven vil de at eg skal gje dykk fri, Barabbas eller Jesus, han som vert kalla Messias?»

18. For han visste at det var av misunning dei hadde gjeve Jesus i hans hand.

19. Medan Pilatus sat i domarsetet, sende kona hans bod til han og sa: «Ha ikkje noko med denne skuldlause mannen å gjera. Eg har drøymt så vondt i natt for hans skuld.»

20. Men overprestane og dei eldste overtalde folket til å krevja Barabbas frigjeven og Jesus drepen.

21. Og då landshovdingen spurde: «Kven av dei to vil de at eg skal gje dykk fri?» svara dei: «Barabbas.»

22. «Kva skal eg då gjera med Jesus, han som vert kalla Messias?» spurde Pilatus. Då ropa dei alle: «Krossfest han!»

23. «Kva vondt har han gjort?» spurde han. Men dei ropa berre endå høgare: «Krossfest han!»

24. Då Pilatus såg at han ingen ting kunne gjera, og at ståket vart verre, tok han vatn, vaska hendene medan folket såg på og sa: «Eg har inga skuld i blodet åt denne mannen. Dette lyt de svara for.»

25. Og alt folket svara: «Lat blodet hans koma over oss og borna våre.»

26. Då gav han dei Barabbas fri, men han lét Jesus verta piska og gav han over til krossfesting.

Soldatane spottar Jesus

27. Soldatane til landshovdingen tok no Jesus med seg inn i borga og samla heile vaktstyrken ikring han.

28. Dei kledde av han og hengde på han ei skarlaksraud soldatkappe,

29. fletta ei klungerkrone og sette på hovudet hans og gav han ein røyrstav i høgre handa. Dei fall på kne for han, gjorde narr av han og sa: «Ver helsa, du jødekonge!»

30. Så spytta dei på han og tok røyrstaven og slo han i hovudet.

31. Då dei hadde drive gjøn med han, tok dei av han kappa og hadde på han hans eigne klede.Så førte dei Jesus bort og skulle krossfesta han.

Jesus vert krossfest

32. På vegen møtte dei ein mann frå Kyréne, som heitte Simon; honom tvinga dei til å bera krossen hans.

33. Då dei kom til ein stad som heiter Golgata – det tyder Hovudskallen –

34. gav dei han vin, blanda med galle. Men då han hadde smaka på det, ville han ikkje drikka.

35. Så krossfeste dei han. Og dei kasta lodd om kleda hans og delte dei mellom seg.

36. Sidan vart dei sitjande der og heldt vakt over han.

37. Over hovudet hans hadde dei sett ei innskrift med klagemålet mot han: «Dette er Jesus, kongen over jødane.»

38. Saman med han vart to røvarar krossfeste, ein på høgre og ein på venstre sida.

39. Dei som gjekk framom, riste på hovudet og spotta han:

40. «Du som riv ned templet og byggjer det opp att på tre dagar! Er du Guds Son, så frels deg sjølv og stig ned av krossen!»

41. På same måten gjorde overprestane narr av han saman med dei skriftlærde og dei eldste og sa:

42. «Andre har han frelst, seg sjølv kan han ikkje frelsa. Han er då Israels konge; lat han stiga ned av krossen, så skal vi tru på han.

43. Han har sett si lit til Gud; lat no Gud berga han, om han har hugnad i han. Han har då sagt: Eg er Guds Son.»

44. Og røvarane som var krossfeste saman med Jesus, spotta han på same måten.

Jesus døyr

45. Frå den sjette timen låg det mørker over heile landet alt til den niande timen.

46. Og kring den niande timen ropa Jesus med høg røyst: «Elí, Elí, lemá sabaktáni?» Det tyder: «Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?»

47. Nokre som stod der, høyrde det og sa: «Han ropar på Elia.»

48. Og med det same sprang ein av dei fram, tok ein svamp og fylte med eddikvin, feste han på ei stong og ville la han få drikka.

49. Men dei andre sa: «Lat oss sjå om Elia kjem og bergar han.»

50. Men Jesus ropa atter med høg røyst, og så anda han ut.

51. Då rivna forhenget i templet i to frå øvst til nedst. Jorda skalv og berga rivna.

52. Gravene opna seg, og mange heilage som var avlidne, stod lekamleg opp.

53. Etter at Jesus hadde stått opp, gjekk dei ut or gravene og kom inn i den heilage byen, og der synte dei seg for mange.

54. Men då offiseren og dei som var med han og heldt vakt over Jesus, såg jordskjelvet og det som hende, vart dei gripne av redsle og sa: «Sanneleg, han var Guds Son!»

55. Det var òg mange kvinner der; dei stod langt unna og såg på. Dei hadde fylgt Jesus frå Galilea og tent han.

56. Mellom dei var Maria Magdalena, Maria, mor til Jakob og Josef, og mor til Sebedeus-sønene.

Jesus vert gravlagd

57. Då det vart kveld, kom det ein rik mann som heitte Josef og var frå Arimatea. Han hadde vorte ein Jesu læresvein.

58. Han gjekk til Pilatus og bad om å få lekamen åt Jesus, og Pilatus baud at han skulle få han.

59. Då tok Josef lekamen, sveipte han i eit reint linklede

60. og la han i den nye grava som han hadde hogge ut til seg i bergveggen. Så velte han ein stor stein attfor inngangen og gjekk.

61. Maria Magdalena og den andre Maria var der; dei sat beint framfor grava.

Vakt ved grava

62. Neste dagen, den som kjem etter helgaftan, gjekk overprestane og farisearane saman til Pilatus

63. og sa: «Herre, vi har kome til å tenkja på det som denne forføraren sa medan han levde: Tre dagar etter står eg opp att.

64. Gjev no påbod om at det skal haldast vakt ved grava til tredje dagen er over. Elles kunne læresveinane hans koma og stela han og seia til folket at han har stått opp frå dei døde. Då vert den siste villfaringa verre enn den fyrste.»

65. Pilatus svara: «Her har de vaktmannskap. Gå bort og syt for vakthald som de finn det best.»

66. Då gjekk dei og sikra grava, både med vakt og med segl på steinen.