Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 23 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Jesus åtvarar mot dei skriftlærde og farisearane

1. Sidan tala Jesus til folket og til læresveinane sine og sa:

2. «På Mose stol sit dei skriftlærde og farisearane.

3. Alt det dei seier til dykk, skal de gjera og halda; men etter gjerningane deira skal de ikkje retta dykk. For dei seier eitt og gjer noko anna.

4. Dei bind tunge bører og legg på akslene åt folk, men sjølve vil dei ikkje røra dei med ein finger.

5. Alle sine gjerningar gjer dei så folk skal sjå det. Dei gjer sine bønereimar breie og sine minneduskar store;

6. dei elskar å ha heidersplassane i gjestebod og sitja fremst i synagogene,

7. og vil gjerne at folk skal helsa dei på torget og kalla dei rabbi.

8. Men de skal ikkje la nokon kalla dykk rabbi; for det er éin som er læraren dykkar, og de er alle sysken.

9. Og kalla ikkje nokon her på jorda far; for de har berre éin Far, han som er i himmelen.

10. Lat heller ikkje nokon kalla dykk rettleiarar; for de har éin rettleiar: Kristus.

11. Den største av dykk skal tena dei andre.

12. Den som set seg sjølv høgt, skal setjast lågt, og den som set seg sjølv lågt, skal setjast høgt.

Ve-rop over dei skriftlærde og farisearane

13. Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar! De stengjer himmelriket for folk. Sjølve går de ikkje inn, og dei som vil gå inn, hindrar de.

14. Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar! De slår til dykk husa åt enkjer og held lange bøner for syn skuld. Difor skal de få så mykje hardare dom.

15. Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar! De dreg land og strand for å vinna ein einaste tilhengjar, og når det har lukkast, gjer de han til ein som fortener helvete dobbelt så mykje som de sjølve.

16. Ve dykk, blinde rettleiarar, som seier: Sver du ved templet, har det ikkje noko å seia; men sver du ved gullet i templet, då er du bunden.

17. Blinde dårar! Kva er størst, gullet eller templet som gjer gullet heilagt?

18. Og like eins: Sver du ved altaret, har det ikkje noko å seia; men sver du ved offergåva som ligg på altaret, då er du bunden.

19. Kor blinde de er! Kva er størst, offergåva eller altaret som gjer gåva heilag?

20. Den som sver ved altaret, sver både ved det og alt som ligg på det.

21. Og den som sver ved templet, sver både ved det og han som bur i det.

22. Og den som sver ved himmelen, sver ved Guds kongsstol og ved han som sit på stolen.

23. Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar! De gjev tiend av mynte og anis og karve, men bryr dykk ikkje om det som veg meir i lova: rettferd, miskunn og truskap. Dette skulle gjerast og det andre ikkje latast ugjort.

24. Blinde rettleiarar! De siler av myggen, men svelgjer kamelen.

25. Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar! De gjer skåler og fat reine utanpå, men inni er dei fulle av havesykje og lyster.

26. Blinde farisearar! Gjer fyrst skåla rein inni, så vert ho rein utanpå òg!

27. Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar! De liknar kvitkalka graver. Utanpå er dei fine å sjå til, men inni er dei fulle av daudingbein og allslags ureinskap.

28. Så er det med dykk òg: I det ytre, det folk ser, er de rettferdige; men inni er de fulle av hyklarskap og urett.

29. Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar! De byggjer gravmæle over profetane og pryder gravene åt heilage menn og seier:

30. Hadde vi vore til då fedrane våre levde, då hadde vi ikkje vore med på å drepa profetane.

31. Så vitnar de sjølve at de er born åt dei som slo profetane i hel.

32. Hald fram som fedrane dykkar til målet er fullt.

33. Slangar og ormeyngel! Korleis kan de sleppa å verta dømde til helvete?

34. Difor sender eg til dykk profetar og vismenn og skriftlærde. Somme av dei kjem de til å drepa og krossfesta, somme kjem de til å piska i synagogene og forfylgja frå by til by.

35. Såleis skal straffa koma over dykk for alt det skuldlause blodet som har runne på jorda, heilt frå drapet på den rettferdige Abel til drapet på Sakarja, son til Barakia, han som de slo i hel mellom templet og altaret.

36. Sanneleg, det seier eg dykk: Over denne ætta skal det koma alt saman.

Klage over Jerusalem

37. Jerusalem, Jerusalem, du som slår i hel profetane og steinar dei som er sende til deg! Kor ofte ville eg ikkje samla borna dine, som ei høne samlar kyllingane under vengene sine. Men de ville ikkje.

38. Så høyr: Audt og tomt skal huset dykkar verta.

39. For eg seier dykk: De får aldri sjå meg meir før de seier: Velsigna vere han som kjem, i Herrens namn!»