Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Likningar om himmelriket

Såmannen

1. Same dagen gjekk Jesus ut or huset og sette seg nede ved sjøen.

2. Då samla det seg så mykje folk ikring han at han laut gå ut i ein båt og setja seg der, og alt folket stod på stranda.

3. Så tala han lenge til dei i likningar og sa:«Ein mann gjekk ut og skulle så.

4. Og då han sådde, fall noko attmed vegen, og fuglane kom og åt det opp.

5. Noko fall på steingrunn, der det var lite jord, og det rann snøgt opp fordi der var så grunt.

6. Men då sola steig, sveid det av og visna, for det hadde ikkje rot.

7. Noko fall mellom klunger, og klungeren voks opp og kjøvde det.

8. Men noko fall i god jord og gav grøde: noko hundre foll, noko seksti foll, noko tretti foll.

9. Den som har øyro, han høyre!»

Kvifor Jesus talar i likningar

10. Då kom læresveinane til han og spurde: «Kvifor talar du til dei i likningar?»

11. Han svara: «Dykk er det gjeve å kjenna løyndomane om himmelriket, men ikkje dei andre.

12. For den som har, han skal få og det i overflod; men den som ikkje har, skal missa jamvel det han har.

13. Difor talar eg til dei i likningar. For om dei ser, så ser dei ikkje; og om dei høyrer, så høyrer dei ikkje og skjønar ikkje.

14. På dei har det vorte oppfylt, dette profetordet av Jesaja:De skal høyra og høyra, ¬men ikkje skjøna,sjå og sjå, men ikkje skilja.

15. For hjarta åt dette folket ¬er hardt;tungt høyrer dei med øyro,og augo har dei late att,så dei ikkje ser med augo,eller høyrer med øyro,eller skjønar med hjartaog vender om,så eg får lækja dei.

16. Men sæle er de, for de har augo som ser og øyro som høyrer.

17. Sanneleg, det seier eg dykk: Mange profetar og rettferdige har lengta etter å sjå det som de ser, men fekk ikkje sjå det, og høyra det som de høyrer, men fekk ikkje høyra det.

Jesus forklarar likninga om såmannen

18. Så høyr no korleis likninga om såmannen skal tydast:

19. Kvar gong nokon høyrer ordet om riket og ikkje skjønar det, kjem den vonde og stel bort det som er sått i hjarta. Dette er den som vart sådd attmed vegen.

20. Den som vart sådd på steingrunn, er den som høyrer ordet og straks tek imot det med glede.

21. Men han har ikkje rot i seg og held ut berre ei stund. Når han møter trengsle eller forfylging for ordet skuld, fell han straks ifrå.

22. Den som vart sådd mellom klunger, er den som høyrer ordet; men suta for dette livet og den svikefulle rikdomen kjøver ordet, så det ikkje ber frukt.

23. Men den som vart sådd i god jord, er den som høyrer ordet og skjønar det. Han gjev grøde: hundre foll, seksti foll eller tretti foll.»

Ugraset i kveiten

24. Så sette han fram for dei ei anna likning og sa: «Himmelriket kan liknast med ein mann som hadde sått godt korn i åkeren sin.

25. Men medan folket sov, kom uvenen hans og sådde ugras i kveiten og gjekk sin veg.

26. Då no kornet voks opp og skaut aks, kom ugraset òg til synes.

27. Tenarane gjekk til husbonden og sa: Herre, sådde du ikkje godt korn i åkeren din? Kvar kjem då ugraset frå?

28. Det har ein uven gjort, svara han. Vil du vi skal gå og riva det opp? spurde dei.

29. Nei, svara han, for då kjem de til å riva opp kveiten saman med ugraset.

30. Lat dei begge veksa med einannan til hausten. Og når skurdonna kjem, vil eg seia til onnefolka: Sank fyrst saman ugraset og bunta det i hop til å brennast, men kveiten skal de samla i løa mi.»

Sennepsfrøet

31. Ei likning til sette han fram: «Himmelriket er likt eit sennepsfrø som ein mann tok og sådde i åkeren sin.

32. Det er mindre enn alle andre frø, men når det har vakse opp, er det større enn andre hagevokstrar; det vert til eit tre, og fuglane i lufta kjem og byggjer reir i greinene på det.»

Surdeigen

33. Endå ei likning fortalde han dei: «Himmelriket er likt ein surdeig som ei kvinne tok og la inn i tre mål mjøl, til alt i hop var syrt.»

34. Alt dette sa Jesus til folket i likningar, og han tala ikkje til dei utan i likningar.

35. Såleis skulle det oppfyllast, det som er sagt ved profeten:Eg vil opna min munn ¬og tala i bilete,bera fram det ¬som har vore løyntfrå verda vart til.

Jesus forklarar likninga om ugraset

36. Så gjekk Jesus bort frå folket og inn i huset. Då kom læresveinane til han og sa: «Forklar oss likninga om ugraset i åkeren!»

37. Han svara: «Den som sår det gode kornet, er Menneskesonen.

38. Åkeren er verda. Det gode kornet er dei som eig heime i riket, og ugraset er dei som høyrer den vonde til.

39. Uvenen som sådde ugraset, er djevelen. Skurden er enden på verda; skurdfolket er englane.

40. Liksom ugraset vert sanka saman og brent, såleis skal det gå når enden på verda kjem:

41. Menneskesonen skal senda ut englane sine, og dei skal sanka saman og ta ut or riket hans alt som fører til fall og alle som gjer urett,

42. og kasta dei i den gloande omnen, der dei græt og skjer tenner.

43. Då skal dei rettferdige skina som sola i riket åt Far sin. Den som har øyro, han høyre!

Skatten og perla

44. Himmelriket er likt ein skatt som var gøymd i ein åker. Ein mann fann skatten og gøymde han att, og glad som han var, gjekk han bort og selde alt det han åtte, og kjøpte åkeren.

45. Sameleis er himmelriket likt ein kjøpmann som leita etter vene perler.

46. Då han fann ei svært verdfull perle, gjekk han bort og selde alt det han åtte, og kjøpte henne.

Fiskenota

47. Sameleis er himmelriket likt ei not som vert kasta i sjøen og fangar fisk av alle slag.

48. Når ho er full, dreg fiskarane henne opp på stranda. Så set dei seg ned og samlar den gode fisken i kjerald, men den ubrukelege kastar dei.

49. Såleis skal det gå når enden på verda kjem. Englane skal fara ut og skilja dei vonde frå dei rettferdige

50. og kasta dei vonde i den gloande omnen, der dei græt og skjer tenner.

51. Har de skjøna alt dette?» «Ja,» svara dei.

52. Då sa han til dei: «Difor er kvar skriftlærd som har gått himmelriksskulen, lik ein husbond som hentar fram nytt og gamalt av det han har teke vare på.»

Jesus vert avvist på heimstaden sin

53. Då Jesus hadde fortalt desse likningane, fór han derifrå

54. og kom til heimstaden sin. Der lærte han folket i synagoga deira, så dei vart reint opp i undring og spurde: «Kvar har han fått visdomen sin frå, og korleis kan han gjera slike mektige gjerningar?

55. Er ikkje dette son til tømmermannen? Heiter ikkje mor hans Maria, og brørne hans Jakob og Josef og Simon og Judas?

56. Og systrene hans, bur dei ikkje her alle saman? Kvar har han vel alt dette frå?»

57. Og dei støytte seg på han. Men Jesus sa til dei: «Ein profet vert ikkje vanvørd andre stader enn på heimstaden sin og hjå sine eigne.»

58. Og han gjorde ikkje mange mektige gjerningar der, fordi dei var så vantruande.