Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 31 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Moses set inn Josva til ettermann

1. Moses gjekk fram og tala desse orda til heile Israel.

2. Så sa han til dei: No er eg hundre og tjue år gamal. Eg kan ikkje lenger gå ut og inn som før. Og Herren har sagt meg at eg ikkje skal koma over Jordan.

3. Herren din Gud vil sjølv gå føre deg. Han vil rydja ut desse folkeslaga for deg, så du kan leggja under deg landet deira. Sidan skal Josva gå føre deg, som Herren har sagt.

4. Og Herren skal gjera med dei som han gjorde med amorittkongane Sihon og Og og landet deira, då han rudde dei ut.

5. Han skal gje dei i dykkar hand, og de skal i eitt og alt gjera med dei som eg har sagt.

6. Ver djerve og sterke! Ver ikkje redde, og lat dykk ikkje skræma av dei! For Herren din Gud er med deg. Han slepper deg ikkje og går ikkje frå deg.

7. Så kalla Moses til seg Josva og sa til han medan alle israelittane høyrde på: Ver djerv og sterk! For du skal føra dette folket inn i det landet Herren med eid lova å gje fedrane deira, og skifta det mellom dei.

8. Herren sjølv skal gå føre deg. Han skal vera med deg. Han skal ikkje sleppa deg og ikkje gå frå deg. Ver ikkje redd, og miss ikkje motet!

Lova skal lesast i lauvhyttehelga

9. Så skreiv Moses opp denne lova og gav henne til prestane, Levi-sønene, som bar Herrens paktkiste, og til alle dei eldste i Israel.

10. Og han sa til dei: Kvart sjuande år, i ettergjevingsåret, når de held lauvhyttehelg,

11. og heile Israel kjem og stig fram for Herren din Gud på den staden han vel seg ut, då skal denne lova lesast opp for heile Israel.

12. Kall folket saman, menn, kvinner og born, og innflyttarane som bur i byane dine. Lat dei få høyra lova, så dei kan læra å ottast Herren dykkar Gud og leggja vinn på å leva etter alle boda i denne lova.

13. Og borna deira, som enno ikkje kjenner lova, skal høyra henne, så dei kan læra å ottast Herren dykkar Gud så lenge de lever i det landet de skal leggja under dykk når de går over Jordan.

Herrens siste ord til Moses

14. Herren sa til Moses: Sjå, no lid det til den tid at du skal døy. Kall Josva hit og kom fram til møteteltet, både du og han, så skal eg seia frå kva han skal gjera. Så gjekk Moses og Josva fram til møteteltet og vart ståande der.

15. Då synte Herren seg i teltet i ei skystøtte, og skystøtta stod attmed teltdøra.

16. Herren sa til Moses: Når du kviler hjå fedrane dine, kjem dette folket til å vera trulaust og halda seg til framande gudar i det landet dei er komne inn i. Dei kjem til å venda seg frå meg og bryta den pakta eg har gjort med dei.

17. På den tid skal vreiden min loga opp mot dei. Eg skal venda meg frå dei og løyna andletet mitt for dei, så dei vert tynte. Mange ulukker og trengsler skal koma over dei. Då skal dei seia: «Når desse ulukkene kjem over meg, er det vel fordi min Gud ikkje er med meg.»

18. Men på den tid vil eg løyna andletet mitt for dei, av di dei har gjort så mykje vondt; dei har vendt seg til andre gudar.

19. Skriv no opp dette kvadet, og lat israelittane læra det! Lat dei ta det opp att, så det kan vera mitt vitne mot dei.

20. No fører eg dei inn i det landet som eg med eid lova fedrane deira, eit land som fløymer med mjølk og honning. Men når dei har ete seg mette og er vortne feite, kjem dei til å venda seg til andre gudar og dyrka dei. Dei kjem til å vanvørda meg og bryta mi pakt.

21. Når då mange ulukker og trengsler møter dei, skal dette kvadet lyda for dei, og etterkomarane deira skal seia det fram og aldri gløyma det; det skal vera eit vitne for dei om at eg kjenner dei tankar dei gjer seg i dag, alt før eg lèt dei gå inn i det landet som eg med eid har lova fedrane deira.

22. Same dagen skreiv Moses opp dette kvadet og lét israelittane læra det.

23. Og Herren sa til Josva Nunsson: «Ver djerv og sterk! Det er du som skal føra israelittane inn i det landet eg med eid har lova dei. Eg skal vera med deg.»

Lovboka og kvadet skal vitna

24. Då Moses var ferdig med å skriva opp i ei bok alle orda i denne lova, frå fyrst til sist,

25. sa han til levittane, som bar Herrens paktkiste:

26. Ta denne lovboka og legg henne ned attmed paktkista åt Herren dykkar Gud. Der skal ho liggja og vera eit vitne mot deg.

27. For eg veit kor trassig og strid du er. Har de ikkje alt no medan eg lever og er mellom dykk, vist trass mot Herren? Kor mykje meir når eg er borte!

28. Kall no saman alle dei eldste i ættene og tilsynsmennene, så vil eg seia fram desse orda for dei og ta himmel og jord til vitne mot dei.

29. For eg veit at når eg er borte, kjem de til å bera dykk ille åt og bøya av frå den vegen eg har sagt de skal gå. Men til slutt skal ulukka koma over dykk, fordi de gjer det som vondt er i Herrens augo, og harmar han med framferda dykkar.

Moses ber fram sitt avskilskvad

30. Så bar Moses fram heile dette kvadet for Israels-lyden: