Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 29 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Guds pakt med Israel i Moab

1. Dette er orda om den pakta som Herren baud Moses å gjera med israelittane i Moab, attåt den pakta han hadde gjort med dei ved Horeb.

2. Moses kalla heile Israel saman og sa til dei: De har sett alt det Herren gjorde for augo på dykk i Egypt med farao og alle tenarane og heile landet hans.

3. Med eigne augo såg du dei svære plagene, dei store teikna og undera.

4. Men til denne dag har Herren ikkje gjeve dykk ein hug som skjønar, augo som ser, og øyro som høyrer.

5. Han førte dykk i øydemarka i førti år. Kleda dykkar vart ikkje utslitne, og skorne gjekk de ikkje ut, så dei datt av føtene.

6. De åt ikkje brød og drakk ikkje vin eller sterk drikk; for han ville de skulle skjøna at han er Herren dykkar Gud.

7. Då de kom til denne staden, fór Sihon, kongen i Hesjbon, og Og, kongen i Basan, ut til strid mot oss, men vi vann over dei.

8. Vi tok landet deira og lét Rubens- og Gads-ætta og halve Manasse-ætta få det til odel og eige.

9. Så akta då på orda i denne pakta og lev etter dei! Då skal de ha lukke med dykk i alt de gjer.

10. I dag står de alle framfor Herren dykkar Gud, ættehovdingane, dei eldste, tilsynsmennene og kvar mann i Israel,

11. borna og kvinnene dykkar og innflyttarane som held til i leiren din, dei som høgg ved og dei som ber vatn for deg.

12. No skal du gå inn i pakta med Herren din Gud og i det eids-sambandet som han gjer med deg i dag.

13. For i dag vil han gjera deg til sitt folk, og sjølv vil han vera din Gud, så som han sa deg og med eid lova fedrane dine, Abraham, Isak og Jakob.

14. Det er ikkje berre med dykk eg gjer denne pakta og dette eids-sambandet,

15. men òg med dei som står her saman med oss i dag framfor Herren vår Gud, og med dei som enno ikkje er hjå oss.

16. De veit sjølve at vi budde i Egypt, og at vi fór fram gjennom landa åt dei folka de laut fara framom.

17. De såg dei ufyselege gudebileta deira, avgudane deira av stokk og stein, av sølv og gull.

18. Lat det då ikkje finnast hjå dykk mann eller kvinne, ættgrein eller ætt som i dag vender hugen bort frå Herren vår Gud, så dei går av og dyrkar gudane åt desse folka. Lat det ikkje finnast hjå dykk noka rot som det renn giftplanter og malurt av.

19. Ingen må, når han høyrer boda i dette eids-sambandet, prisa seg lukkeleg og seia: «Meg går det nok godt om eg fylgjer mitt harde hjarta.» Då øyder han både det vassrike og det turre landet.

20. Herren vil aldri tilgje ein slik mann, men Herrens vreide og brennhug skal loga opp mot han. Alle dei forbanningar som er nemnde i denne boka, skal koma over han, og Herren skal stryka ut namnet hans under himmelen.

21. Herren skal skilja han ut frå alle Israels ætter, og det skal gå han så ille som sagt er i alle dei forbanningar som høyrer pakta til og er skrivne i denne lovboka.

22. Og når komande ætter, borna som veks opp etter dykk, og dei framande som kjem frå land langt borte, ser dei plager som har råma dette landet, og dei sjukdomar Herren har sendt over det,

23. – med svovel og salt er heile landet avsvide, så ein ikkje kan så og få det til å gro, og ikkje eit strå kan veksa der, ei øydelegging som då Herren i sin vreide og harme gjorde ende på Sodoma og Gomorra, Adma og Sebojim –

24. då skal både dei sjølve og dei andre folkeslaga spørja: «Kvifor har Herren fare såleis åt med dette landet? Kvifor logar vreiden hans så veldig?»

25. Og dei skal få til svar: Det var fordi dei braut den pakta som Herren, deira fedrars Gud, gjorde med dei då han førte dei ut or Egypt.

26. Dei gjekk av og dyrka andre gudar, bøygde seg og tilbad dei, gudar som dei ikkje kjende, og som han ikkje hadde gjeve dei lov til å dyrka.

27. Difor loga Herrens vreide opp mot dette landet, og han førte over det all den forbanning som er skriven i denne boka.

28. I vreide, harme og stor uvilje rykte Herren dei opp or landet deira og kasta dei bort til eit anna land, og der har dei vore til denne dag.

29. Det dulde høyrer Herren vår Gud til; men det som er openberra, gjeld for oss og våre born til evig tid, så vi kan halda alle boda i denne lova.