Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 28 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Velsigningar

1. Er du lydig mot Herren din Gud og legg vinn på å leva etter alle boda hans, som eg gjev deg i dag, skal Herren din Gud setja deg høgt over alle folkeslag på jorda.

2. Og alle desse velsigningane skal koma over deg og nå deg, så sant du er lydig mot Herren din Gud:

3. Velsigna vere du i byenog velsigna ute på marka!

4. Velsigna vere di livsfruktog grøda av di jord,det dine husdyr ber,det som vert født av storfe,og det som kjem til ¬mellom småfe!

5. Velsigna vere di korg ¬og ditt bakstetrog!

6. Velsigna vere du ¬når du kjem inn,og velsigna når du går ut!

7. Når fiendane dine reiser seg mot deg, skal Herren syta for at du vinn over dei. Dreg dei ut mot deg på éin veg, skal dei røma for deg på sju vegar.

8. Herren skal by velsigninga si vera med deg i matbua di og i alt du tek deg føre. Herren din Gud skal velsigna deg i det landet han gjev deg.

9. Herren vil gjera deg til eit heilagt folk for seg, som han med eid har lova deg, så sant du held boda åt Herren din Gud og ferdast på hans vegar.

10. Alle folk på jorda skal sjå at Herrens namn er nemnt over deg, og dei skal få age for deg.

11. Rikeleg skal Herren gje deg av alt det som godt er, av born og buskap og grøde på marka, i det landet Herren med eid lova fedrane dine å gje deg.

12. Han skal opna for deg sitt rike forrådskammer, himmelen, og la landet få regn i rette tid og velsigna alt det du gjer og tek deg føre. Du skal låna ut til mange folkeslag, men sjølv treng du ikkje låna.

13. Herren skal gjera deg til hovud og ikkje til hale. Alltid skal du ha framgang, aldri tilbakegang, så sant du lyder boda åt Herren din Gud, som eg gjev deg i dag, og legg vinn på å leva etter dei.

14. Du må ikkje vika av, korkje til høgre eller venstre, frå noko av dei boda eg gjev deg i dag, så du ikkje held deg til andre gudar og dyrkar dei.

Kva ulydnad fører til

15. Men vil du ikkje lyda Herren din Gud, legg du ikkje vinn på å leva etter alle boda og føresegnene hans, som eg gjev deg i dag, skal alle desse forbanningane koma over deg og nå deg:

16. Forbanna vere du i byenog forbanna ute på marka!

17. Forbanna vere di korg ¬og ditt bakstetrog!

18. Forbanna vere di livsfruktog grøda av di jord,det som vert født av storfe,og det som kjem til ¬mellom småfe!

19. Forbanna vere du ¬når du kjem inn,og forbanna når du går ut!

20. Kva du så tek deg føre, skal Herren senda forbanning, rådløyse og trugsmål over deg, til du vert utrudd og brått går til grunne, fordi du bar deg så ille åt at du gjekk bort frå meg.

21. Herren skal ikkje la pesten sleppa taket på deg før han har rudt deg ut or det landet du no går inn i og legg under deg.

22. Med tæring og verk skal han slå deg, med kulsing og feber, med turk og kornbrann og rust. Dette skal forfylgja deg heilt til du går til grunne.

23. Himmelen oppover deg skal vera som bronse og jorda under deg som jern.

24. Regnet som kjem over landet ditt, skal Herren gjera til støv og mold. Det skal falla ned på deg frå himmelen, til du vert utrudd.

25. Herren skal syta for at fiendane dine vinn over deg. Dreg du ut mot dei på éin veg, skal du røma for dei på sju vegar. Du skal verta eit skræmsel for alle rike på jorda.

26. Lika av dykk skal verta til føde for fuglane under himmelen og for dyra på marka, og ingen skal skræma dei.

27. Herren skal slå deg med svullar som i Egypt, med verk og skabb og skurv som ikkje kan lækjast.

28. Han skal slå deg med vitløyse, blindskap og vilske.

29. Midt på dagen lyt du trivla deg fram som den blinde trivlar i mørkret.Du skal ikkje ha lukke med deg der du ferdast, men dag etter dag skal du trælkast og plyndrast, og det finst ingen som hjelper deg.

30. Om du trulovar deg med ei kvinne, skal ein annan mann ta og krenkja henne. Byggjer du deg hus, får du ikkje bu i det, og plantar du ein vingard, får du ikkje ta han i bruk.

31. Oksen din skal slaktast medan du ser på, men du får ikkje eta av han. Eselet ditt skal røvast beint for augo dine og kjem aldri tilbake til deg. Småfeet ditt skal fiendane få, og ingen kjem deg til hjelp.

32. Sønene og døtrene dine skal gjevast til eit framandt folk, medan du ser på. Heile dagen skal du stira etter dei med lengsle, men handa di er maktlaus.

33. Eit folk du ikkje kjenner, skal eta opp det du har avla på jorda di, og det du har vunne med alt ditt strev. Dag etter dag skal du trælkast og trakkast ned.

34. Du kjem til å missa vitet av det synet du får sjå.

35. Herren skal slå deg på kne og på lår med vonde svullar som ikkje kan lækjast; dei skal breia seg frå hovud til hæl.

36. Både deg og den kongen du set over deg, skal Herren føra bort til eit folk som korkje du eller fedrane dine har kjent, og der skal du dyrka andre gudar, gudar av stokk og stein.

37. Der skal du verta eit skræmsel, eit ordtak og eit spottord mellom alle dei folk som Herren fører deg bort til.

38. Mykje korn skal du så i åkeren, men lite skal du hausta inn; for grashoppene et det opp.

39. Vingardar skal du planta og dyrka, men vin får du korkje drikka eller lagra; for makken et opp druene.

40. Oliventre skal du ha i heile landet, men du får ikkje salva deg med olje; for frukta dett ned.

41. Søner og døtrer skal du få, men du skal missa dei; for dei må fara i fangenskap.

42. Alle trea dine og grøda på jorda di skal grashoppene ta.

43. Innflyttaren som bur hjå deg, skal nå høgare og høgare, medan du sig djupare og djupare.

44. Han skal låna ut til deg, men du har ingen ting å låna han. Han skal vera hovud og du hale.

45. Alle desse forbanningane skal koma over deg. Dei skal forfylgja deg og nå deg att til du vert utrudd, fordi du ikkje lydde Herren din Gud og ikkje heldt dei bod og føresegner som han har gjeve deg.

46. Dei skal vera teikn og under for deg og etterkomarane dine til alle tider.

47. Du tente ikkje Herren din Gud med glede og av hjartans lyst då du hadde rikeleg av alt.

48. Difor skal du, svolten, tyrst og kledelaus, ja snau for alt, træla under dei fiendane Herren sender imot deg. Han skal leggja eit jernåk på nakken din, heilt til han har rudt deg ut.

49. Herren vil senda mot deg eit folk langt bortanfrå, frå verdsens ende. Dei kjem flygande som ørnar, og du skjønar ikkje språket deira.

50. Det er eit folk med harde andlet; dei tek ikkje omsyn til dei gamle og er ikkje milde mot dei unge.

51. Dei et opp det du får av buskapen, og det du dyrkar på jorda, til det er ute med deg. Dei leiver korkje korn, vin eller olje, korkje ungdyra i storfeet ditt eller det som kjem til mellom småfeet ditt, før dei har gjort ende på deg.

52. Dei kringset deg i alle byane dine, til dess dei høge festningsmurane som du set di lit til, styrtar ned. Og når dei kringset deg i alle byane i heile det landet som Herren din Gud gjev deg,

53. då skal du eta dine eigne born, kjøtet av sønene og døtrene dine, som Herren din Gud gjev deg; så stor ei trengsle og hard ei naud kjem fienden til å føra over deg.

54. Jamvel den finaste og mest bortskjemde mannen hjå dykk vil då sjå skeivt til bror sin og kona si som han tek i famn, og til dei borna han enno har att.

55. Han unner ingen av dei ein kjøtbit av borna som han et, fordi han ikkje har anna att i den trengsle og naud som fienden fører over deg i alle byane dine.

56. Jamvel den finaste og mest bortskjemde kvinna, som aldri har prøvt å setja foten på jorda, så fin og bortskjemd som ho var, vil sjå skeivt til mannen sin som ho tek i famn, og til son sin og dotter si.

57. Ho vil ikkje dela med dei etterferda som kjem ut or henne, eller borna ho har født. Og snøydd for alt et ho dei i løynd, i den trengsle og naud som fienden fører over deg i byane dine.

58. Dersom du ikkje legg vinn på å leva etter alle dei lovbod som er skrivne i denne boka, og ikkje ottast dette herlege og agelege namnet, Herren din Gud,

59. då skal Herren senda uhøyrde plager over deg og ætta di, store plager og stygge sjukdomar som ikkje tek ende.

60. Atter skal han senda over deg alle dei farsottene som du kjenner frå Egypt, og som du gruar for, og dei skal ikkje sleppa taket i deg.

61. Og alle andre sjukdomar og plager som ikkje er nemnde i denne lovboka, skal Herren senda over deg, til dess du vert utrudd.

62. De som før var mange som stjernene på himmelen, skal verta til ein liten flokk, fordi du ikkje lydde Herren din Gud.

63. Liksom Herren før gledde seg over å gjera vel mot dykk og la dykk auka i tal, så skal han gleda seg over å gjera ende på dykk og rydja dykk ut. De skal rykkjast opp or det landet du no går inn i og legg under deg.

64. Herren skal spreia deg mellom alle folka frå den eine enden av jorda til den andre, og der skal du dyrka andre gudar, som korkje du eller fedrane dine har kjent, gudar av stokk og stein.

65. Mellom desse folka skal du aldri få ro og aldri finna kvile for foten din. Der skal Herren gje deg eit skjelvande hjarta, eit sviktande syn og ei motlaus sjel.

66. Livet ditt skal hanga i ein tynn tråd. Dag og natt skal du leva i redsle og aldri vera trygg for livet ditt.

67. Om morgonen skal du seia: «Gjev det var kveld!» og om kvelden: «Gjev det var morgon!» Slik redsle skal du kjenna i hjarta ditt, og så fælt er det du får sjå.

68. Herren skal senda deg attende til Egypt på skip, den vegen eg sa at du aldri meir skulle sjå. Der skal de freista å selja dykk sjølve til trælar og trælkvinner til fiendane, men det finst ingen som vil kjøpa.