Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Herren vel ut ein bustad åt namnet sitt

1. Dette er dei føresegner og bod som de skal leggja vinn på å leva etter i det landet Herren, dine fedrars Gud, gjev deg til eigedom, så lenge de lever i landet.

2. De skal øydeleggja alle stadene der dei dyrkar gudane sine, dei folka som de driv bort, på høge fjell og haugar og under kvart grønt tre.

3. De skal riva ned altara deira, slå sund steinstøttene, brenna opp Asjera-pålane, hogga ned gudebileta og rydja ut namna deira frå desse stadene.

4. Når de dyrkar Herren dykkar Gud, skal de ikkje gjera det på den måten.

5. Men de skal søkja til den staden Herren dykkar Gud vel ut mellom alle ættene dykkar, der han vil la namnet sitt bu. Dit skal du koma.

6. Og der skal de bera fram brennoffer og slaktoffer, tiender og avgifter, lovnadsoffer og friviljuge offer, og dei fyrstefødde dyra av storfeet og småfeet.

7. Der skal de halda måltid for Herren dykkar Guds åsyn, de og huslydane dykkar, og gleda dykk over alt det de har vunne med arbeidet dykkar, alt som Herren din Gud har velsigna deg med.

8. De må ikkje bera dykk såleis åt som vi gjer her i dag. No gjer kvar som han sjølv finn for godt.

9. Enno er de ikkje komne fram til den staden der de kan slå dykk til ro, til den odelen som Herren din Gud gjev deg.

10. Fyrst skal de gå over Jordan og busetja dykk i det landet Herren dykkar Gud gjev dykk til odel og eige. Han vil la dykk få ro for alle fiendar rundt ikring, så de kan bu trygt.

11. Då skal den staden som Herren dykkar Gud vel ut til bustad åt namnet sitt, vera den einaste staden de kjem til med alt eg har bode dykk: brennoffera og slaktoffera dykkar, tiendene og avgiftene og alle utvalde offer som de lovar Herren.

12. De skal gleda dykk for Herren dykkar Guds åsyn, de og sønene og døtrene dykkar, trælane og trælkvinnene dykkar og levittane som bur i byane dykkar, for dei har ingen arv og del saman med dykk.

13. Ta deg i vare så du ikkje ber fram brennoffera dine på kvar heilag stad du ser.

14. Berre på den staden Herren vel seg ut i ei av ættene dine, skal du bera fram brennoffera dine, og der skal du gjera alt det eg byd deg.

15. Elles kan du slakta og eta kjøt så mykje du har hug til i alle byane dine, etter som Herren din Gud gjev deg signing til. Både ureine og reine kan eta det, liksom dei et kjøtet av gasell og hjort.

16. Men blodet må de ikkje eta. Slå det ut på marka som vatn!

17. Heime i byane dine må du ikkje eta tienda av kornet ditt, vinen din eller oljen din, heller ikkje det som er fyrstefødt av storfeet og småfeet ditt, eller noko av lovnadsoffera og dei friviljuge offera du gjev, og avgiftene du ber fram.

18. Men du skal eta det for Herren din Guds åsyn, på den staden han vel seg ut, du og son din og dotter di, trælen din og trælkvinna di og levittane som bur i byane dine, og du skal gleda deg for Herren din Guds åsyn over alt det du har vunne med arbeidet ditt.

19. Ta deg i vare så du ikkje gløymer levitten så lenge du lever på jorda di.

20. Når Herren din Gud vidar ut grensene dine, så som han har lova deg, og du seier: «Eg vil eta kjøt,» fordi du har hug på det, kan du eta kjøt så mykje du vil.

21. Har du lang veg til den staden Herren din Gud vel ut til bustad åt namnet sitt, kan du gjera som eg har sagt deg, du kan slakta av storfeet og småfeet ditt som Herren gjev deg, og eta av det heime hjå deg sjølv så mykje du har hug på.

22. Men et det som du et kjøtet av gasell og hjort! Både ureine og reine kan eta av det.

23. Hald deg berre frå å eta blodet! For blodet er livet, og du må ikkje eta livet saman med kjøtet.

24. Et ikkje blodet, men slå det ut på marka som vatn!

25. Et du det ikkje, skal det gå deg og borna dine vel, for då gjer du det som rett er i Herrens augo.

26. Men dei heilage gåvene som du vil gje, og lovnadsoffera skal du ta med deg til den staden Herren vel seg ut.

27. Brennoffera dine, både kjøtet og blodet, skal du leggja på altaret åt Herren din Gud. Av slaktoffera skal blodet hellast ut på altaret åt Herren din Gud, men kjøtet kan du eta.

28. Legg vinn på å lyda alle desse boda som eg gjev deg! Då skal det alltid gå deg og borna dine vel, for då gjer du det som godt og rett er i augo åt Herren din Gud.

29. Herren din Gud vil rydja ut for deg dei folkeslaga som du no går imot og driv bort. Når du har drive dei bort og busett deg i landet deira,

30. sjå då til at du ikkje lèt deg lokka til å fylgja i fotefaret deira etter at dei har vorte utrudde for di skuld. Du skal ikkje spørja etter gudane deira og seia: «Korleis dyrka desse folka gudane sine? Eg vil gjera som dei.»

31. Når du dyrkar Herren din Gud, skal du ikkje fara åt som dei. Alt det Herren skyr og hatar, det gjer dei for gudane sine. Jamvel sønene og døtrene sine brenner dei for gudane sine.

32. Alle dei bod eg gjev dykk, skal de leggja vinn på å leva etter. Du skal ikkje leggja noko til og ikkje ta noko ifrå.