Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 5 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Dei ti bodorda

1. Moses kalla saman heile Israel og sa til dei: Høyr, Israel, dei føresegner og bod som eg kunngjer dykk i dag. Lær dei og legg vinn på å leva etter dei!

2. Herren vår Gud gjorde pakt med oss ved Horeb.

3. Det var ikkje med fedrane våre han gjorde den pakta, men med oss, alle vi som lever og er her i dag.

4. Åsyn til åsyn tala Herren med dykk på fjellet, midt ut or elden.

5. Eg stod mellom Herren og dykk den gongen og bar Herrens ord fram for dykk. For de var redde elden og gjekk ikkje opp på fjellet. Han sa:

6. Eg er Herren din Gud, som førte deg ut or Egypt, or trælehuset.

7. Du skal ikkje ha andre gudar attåt meg.

8. Du skal ikkje laga deg noko gudebilete, ikkje noko slag bilete av det som er oppi himmelen eller nedpå jorda eller i vatnet under jorda.

9. Du skal ikkje bøya deg og tilbe dei og ikkje dyrka dei. For eg, Herren din Gud, er ein brennhuga Gud, som lèt straffa for synda åt fedrane koma over born i tredje og fjerde ættleden når dei hatar meg,

10. men gjer vel i tusen ættleder mot dei som elskar meg og held boda mine.

11. Du skal ikkje misbruka namnet åt Herren din Gud; for Herren held ikkje den uskuldig som misbrukar namnet hans.

12. Du skal akta på kviledagen og halda han heilag, så som Herren din Gud har bode deg!

13. Seks dagar skal du arbeida og gjera all di gjerning.

14. Men den sjuande dagen er sabbat for Herren din Gud. Då skal du ikkje gjera noko arbeid, korkje du eller son din eller dotter di eller tenaren din eller tenestkvinna di eller oksen eller eselet eller noko anna av dyra dine, eller innflyttaren i byane dine. Tenaren og tenestkvinna skal få kvila, dei som du.

15. Kom i hug at du sjølv var træl i Egypt då Herren din Gud førte deg ut derifrå med sterk hand og strak arm. Difor har Herren din Gud sagt deg at du skal halda sabbatsdagen.

16. Æra far din og mor di, som Herren din Gud har bode deg; då skal du få leva lenge, og det skal gå deg vel i det landet Herren din Gud gjev deg.

17. Du skal ikkje slå i hel.

18. Du skal ikkje bryta ekteskapet.

19. Du skal ikkje stela.

20. Du skal ikkje vitna falskt mot nesten din.

21. Du skal ikkje trå etter kona åt nesten din. Du skal ikkje trå etter huset åt nesten din eller jorda hans, tenaren eller tenestkvinna hans, oksen eller eselet hans eller noko anna som høyrer nesten din til.

22. Desse orda tala Herren oppe på fjellet med høg røyst til dykk, heile Israels-lyden, midt ut or elden, skya og mørkret. Meir sa han ikkje. Men han skreiv boda på to steintavler, som han gav meg.

Moses, mellommannen mellom Gud og folket

23. Då de høyrde røysta ut or mørkret, medan fjellet stod i ljos loge, kom de til meg, alle ættehovdingane og dei eldste mellom dykk,

24. og sa: «Sjå, Herren vår Gud har synt oss sin herlegdom og sitt velde, og vi har høyrt røysta hans ut or elden. I dag har vi sett at Gud kan tala med menneske utan at dei døyr.

25. Kvifor skal vi då døy no? Denne store elden kjem til å tyna oss. Høyrer vi endå lenger på røysta åt Herren vår Gud, så døyr vi.

26. Kvar finst det eit menneske på jorda som har høyrt den levande Gud tala midt ut or elden, så som vi, og endå fått leva?

27. Gå du bortåt og høyr kva Herren vår Gud seier! Så kan du leggja det fram for oss, alt det han talar til deg, og vi skal høyra og lyda.»

28. Då Herren høyrde dei orda de tala til meg, sa han til meg: «Eg høyrde kva dette folket sa til deg. Det er rett alt det dei seier.

29. Gjev dei alle sine dagar må ha det same huglaget, så dei ottast meg og held alle boda mine. Då skal det alltid gå dei og borna deira vel.

30. Gå bort og sei til dei: Far heim att til telta dykkar!

31. Men du skal vera att her hjå meg. Eg vil kunngjera deg alle dei bod, føresegner og domar som du skal læra dei, så dei kan leva etter dei i det landet eg gjev dei til eige.»

32. Så legg då vinn på å gjera det som Herren dykkar Gud har sagt dykk. Og vik ikkje av, korkje til høgre eller venstre!

33. Fylg alltid den vegen som Herren dykkar Gud har sagt at de skal gå! Då skal de få leva; det skal gå dykk vel, og de skal få bu lenge i det landet de legg under dykk.