Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 23 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Dei som er utestengde frå Herrens lyd

1. Den som har fått steinane knuste eller mannslemen oppskoren, får ikkje vera med i Herrens lyd.

2. Den som er fødd i blanda ekteskap, får ikkje vera med i Herrens lyd. Jamvel etterkomarane hans til tiande leden skal vera utestengde frå Herrens lyd.

3. Ingen ammonitt eller moabitt får vera med i Herrens lyd. Jamvel etterkomarane deira til tiande leden skal vera utestengde frå Herrens lyd.

4. For dei møtte dykk ikkje på vegen med brød og vatn då de kom frå Egypt, men dei leigde Bileam, son til Beor, frå Petor i Mesopotamia til å forbanna deg.

5. Men Herren din Gud ville ikkje høyra på Bileam. Han vende forbanninga om til velsigning for deg, fordi han hadde deg kjær.

6. Aldri skal du, så lenge du lever, bry deg om deira velferd og lukke.

7. Men edomittane skal du ikkje ha uvilje mot, for dei er brørne dine. Og heller ikkje skal du avsky egyptarane, for du har vore innflyttar i landet deira.

8. Etterkomarane deira i tredje leden kan få vera med i Herrens lyd.

Reinsemd i leiren

9. Når du dreg i krig mot fiendane dine og slår leir, skal du akta deg for alt som er usømeleg.

10. Er ein av dykk urein etter sæduttøming om natta, skal han gå ut or leiren og ikkje koma inn att

11. før det lid til kvelds. Då skal han vaska seg, og når sola glader, kan han koma inn i leiren.

12. Utanfor leiren skal det vera ein stad som du kan gå til.

13. Mellom reiskapane dine skal du ha ein kjepp, og med den skal du grava ned avføringa når du har sete der ute.

14. For Herren din Gud går ikring i leiren; han vil berga deg og gje fiendane i dine hender. Difor skal leiren vera heilag, og Herren må ikkje sjå noko ufyse hjå deg; for då vender han seg bort frå deg.

Gjer rett mot Gud og landsmannen din!

15. Når ein træl har rømt frå herren sin og søkt livd hjå deg, skal du ikkje senda han attende til herren hans.

16. Lat han få bu kvar han vil i landet ditt, i ein av byane dine, der han likar seg best. Og ver ikkje hard mot han!

17. Mellom israelittane må det ikkje finnast kvinne eller mann som driv tempel-utukt.

18. Kom ikkje til huset åt Herren din Gud med pengar som ei kvinne eller ein mann får for å driva utukt, om du så har lova det. Alle slike pengar er ein styggedom for Herren din Gud.

19. Du skal ikkje krevja rente av ein landsmann; korkje for pengar eller mat eller noko anna skal du ta rente.

20. Av utlendingar kan du krevja rente, men ikkje av ein landsmann. Då skal Herren din Gud velsigna deg i alt du tek deg føre i det landet du går inn i og legg under deg.

21. Når du gjer ein lovnad til Herren din Gud, må du ikkje drya med å halda det du har lova. Elles kjem Herren din Gud til å krevja det av deg, og du fører skuld over deg.

22. Lèt du vera å lova noko, vert du ikkje skuldig.

23. Men det du eingong har sagt, må du leggja vinn på å gjera. For av fri vilje og med eigen munn har du gjeve Herren din Gud lovnaden.

24. Når du kjem inn i annan manns vingard, kan du eta så mykje druer du vil, til du er mett. Men du må ikkje sanka i spann.

25. Når du kjem inn på annan manns åker, kan du ta aks med handa. Men med sigd må du ikkje koma i annan manns åker.