Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Forbod mot heidenske syrgjeskikkar

1. De er søner åt Herren dykkar Gud. De må ikkje rispa dykk opp eller raka dykk snaue over panna når de syrgjer over ein som er død.

2. For du er eit heilagt folk for Herren din Gud. Deg har Herren valt ut mellom alle folk på jorda til å vera hans eige folk.

Reine og ureine dyr

3. Du skal ikkje eta noko som Herren styggjest ved.

4. Dette er dei dyra de kan eta: okse, sau, geit,

5. hjort, gasell, dådyr, steinbukk, antilope, villokse og villgeit.

6. Alle dyr som har klauver, klauver som er kløyvde heilt igjennom, og som jortar, kan de eta.

7. Av dyr som jortar, og av dyr med klauver som er kløyvde heilt igjennom, er det berre desse de ikkje må eta: kamelen, haren og fjellgrevlingen, for dei jortar nok, men har ikkje klauver; dei skal de halda for ureine.

8. Like eins svinet, for det har klauver, men jortar ikkje; det skal de halda for ureint. Kjøtet av desse dyra skal de ikkje eta, og når dei er daude, må de ikkje koma nær dei.

9. Dette kan de eta av alt det som lever i vatnet: Alt som har finnar og skjel, kan de eta.

10. Men de må ikkje eta noko av det som ikkje har finnar og skjel. Det skal de halda for ureint.

11. Alle reine fuglar kan de eta.

12. Men desse fuglane må de ikkje eta: ørna, lammegribben og svartgribben,

13. glenta og alle slag falkar,

14. alle slag ramnar,

15. strutsen, ugla, måsen og alle slag haukar,

16. kattugla, hubroen og slørugla,

17. pelikanen, åtselgribben og skarven,

18. storken og alle slag hegrar, hærfuglen og flaggermusa.

19. Alt kryp som har venger, skal de halda for ureint. Det må ikkje etast.

20. Men alle reine fuglar kan de eta.

21. De må ikkje eta noko sjølvdaudt dyr. Det kan du gje til innflyttaren i byane dine. Han kan eta det. Eller du kan selja det til ein utlending. For du er eit heilagt folk for Herren din Gud.Du skal ikkje koka eit kje i mjølka åt mor si.

Lova om tiend

22. Kvart år skal du gje tiend av alt det som veks på marka.

23. Du skal eta tienda av kornet ditt, vinen din og oljen din og dei fyrstefødde dyra av storfeet og småfeet ditt for Herren din Guds åsyn, på den staden han vel ut til bustad åt namnet sitt, så du kan læra å ottast Herren din Gud alle dine dagar.

24. Men er vegen for lang for deg, så du ikkje kan få tienda med deg, fordi staden som Herren din Gud vel ut til bustad åt namnet sitt, er langt borte frå deg, og Herren din Gud har velsigna deg,

25. kan du selja tienda. Og pengane skal du leggja i eit knyte og ta dei med deg til den staden Herren din Gud vel seg ut.

26. Der kan du bruka dei til å kjøpa alt det du har hug på, storfe og småfe, vin og sterk drikk og alt det du elles ynskjer. Så skal du halda måltid for Herren din Guds åsyn og gleda deg, du og huslyden din.

27. Heller ikkje må du gløyma levittane som bur i byane dine, for dei har ingen arv og del saman med deg.

28. Men tredje kvart år skal du ta heile tienda av det du har avla det året, og samla det i byane dine.

29. Så kan dei koma og eta seg mette, både levittane, som ikkje har nokon arv og del med deg, og innflyttarane og dei farlause og enkjene i byane dine. Då skal Herren din Gud velsigna deg i alt det du gjer og tek deg føre.