Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 25 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Når det kjem til rettssak mellom to menn, og dei møter for retten, skal domarane avgjera saka. Dei skal frikjenna den som har rett, og døma den som er skuldig.

2. Dersom den skuldige skal straffast med slag, skal domaren la han leggja seg ned, og medan han ser på, skal dei gje mannen så mange slag som han fortener etter den uretten han har gjort.

3. Førti slag kan dei gje han, ikkje meir. Gjev dei han fleire, vert landsmannen din halden for ærelaus.

4. Du skal ikkje setja muleband på ein okse som treskjer.

Ein verbrors skyldnad

5. Når brør bur saman, og ein av dei døyr utan å ha fått søner, skal ikkje enkja hans gifta seg ut or ætta, med ein framand. Bror til mannen hennar skal gå inn til henne og ta henne til kone og såleis gjera sin skyldnad mot henne.

6. Den fyrste sonen ho får, skal reknast for son til den avlidne broren, så namnet hans ikkje skal døy ut i Israel.

7. Men har ikkje mannen hug til å gifta seg med enkja etter bror sin, skal ho gå til dei eldste utmed byporten og seia: «Verbror min nektar å halda oppe namnet åt bror sin i Israel. Han vil ikkje gjera sin skyldnad mot meg.»

8. Då skal dei eldste i byen kalla mannen føre seg og tala til han. Held han fast på sitt og seier at han ikkje har hug til å gifta seg med henne,

9. skal brorkona gå bort til han medan dei eldste ser på, dra skoen av foten hans, spytta han i andletet og seia: «Så gjer ein med den mannen som ikkje vil halda oppe ætta åt bror sin.»

10. Sidan skal dei kalla ætta hans «Berrfot-ætta» i Israel.

Andre lover

11. Kjem to menn i slagsmål, og kona til ein av dei spring bortåt og vil hjelpa mannen sin, og ho retter ut handa og grip den som slår han, i kjønnslemen,

12. då skal du utan medkjensle hogga handa av henne.

13. Du skal ikkje ha to slag vektlodd i pungen din, somme store og somme små.

14. Du skal heller ikkje ha to efa-mål i huset ditt, eit stort og eit lite.

15. Heile og rette vektlodd skal du ha og eit heilt og rett efa-mål. Då skal du få leva lenge i det landet Herren din Gud gjev deg.

16. Herren din Gud styggjest ved alle som gjer urett på denne måten.

Straffa over amalekittane

17. Kom i hug kva amalekittane gjorde mot deg den gongen de var på ferda frå Egypt.

18. Dei kom imot deg på vegen då du var trøytt og sliten, og utan age for Gud hogg dei ned alle i baktroppen som hadde vorte liggjande etter.

19. Når Herren din Gud lèt deg få ro for alle fiendar rundt ikring i det landet Herren din Gud gjev deg til odel og eige, skal du rydja ut minnet om amalekittane under himmelen. Gløym ikkje det!