Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Så elska då Herren din Gud og retta deg alltid etter det han har fastsett, føresegnene, domane og boda hans!

De har sett Herrens storverk

2. Borna dykkar har ikkje kjent og ikkje sett korleis Herren dykkar Gud har tukta og rettleitt dykk. Men de kjenner i dag hans velde, hans sterke hand og strake arm,

3. dei teikn og gjerningar han gjorde i Egypt mot farao, egyptarkongen, og heile landet hans;

4. det han gjorde med egyptarhæren, med hestane og vognene deira, då han lét vatnet i Sevsjøen strøyma i hop over dei medan dei forfylgde dykk, og gjorde ende på dei for alltid,

5. det han gjorde for dykk i øydemarka alt til de kom hit,

6. det han gjorde med Datan og Abiram, sønene til Eliab, son til Ruben, den gongen jorda opna gapet og gløypte dei og huslydane deira, telta deira og kvart levande liv som var med dei, midt imellom alle israelittane.

7. Ja, med eigne augo har de sett alle dei storverk Herren har gjort.

Eit land som Herren har omsut for

8. Så hald då alle dei boda eg gjev dykk i dag! Då skal de verta sterke og koma og ta det landet de er på veg til og skal leggja under dykk.

9. Og de skal få leva lenge på den jorda som Herren svor at han ville gje fedrane dykkar og etterkomarane deira, eit land som fløymer med mjølk og honning.

10. Det landet du no går inn i og legg under deg, er ikkje likt Egyptarlandet, som de fór ifrå. Der laut du, liksom i ein grønsakhage, bruka foten når jorda skulle vatnast, kvar gong du hadde sått.

11. Men det landet de no fer over til og skal ta i eige, er eit land med fjell og dalar, som får si væte av regnet frå himmelen.

12. Det er eit land som Herren din Gud har omsut for, og alltid kviler augo hans på det, frå året byrjar til det endar.

13. Dersom de lyder dei boda som eg gjev dykk i dag, og elskar Herren dykkar Gud og tener han av heile dykkar hjarta og heile dykkar hug,

14. skal eg la landet få regn i rette tid, haustregn og vårregn, så du kan hausta inn kornet og vinen og oljen.

15. Gras skal eg la veksa på marka for buskapen din, og du skal få eta deg mett.

16. Men akta dykk vel at de ikkje lèt dykk lokka til fråfall, så de dyrkar andre gudar og bøyer dykk og tilbed dei.

17. For då logar Herrens vreide opp mot dykk. Han stengjer himmelen, så det ikkje kjem regn, og jorda ikkje gjev grøde. Og de går snart til grunne i det gode landet som Herren gjev dykk.

18. Så legg dykk då desse orda mine på hjarta og minne! Bind dei på handa til merke og ber dei på panna som ein minnesetel!

19. Lat borna læra dei på den måten at du talar om dei når du sit heime og når du går på vegen, når du legg deg og når du står opp.

20. Skriv dei på dørstolpane i huset ditt og på portane dine!

21. Då skal de og borna dykkar få leva lenge i det landet Herren svor at han ville gje fedrane dykkar, like lenge som himmelen kvelver seg over jorda.

22. Legg de vinn på å halda alle desse boda som eg gjev dykk, og lever etter dei, elskar de Herren dykkar Gud, går de alltid på hans vegar og held dykk til han,

23. så skal Herren driva ut alle desse folkeslaga for dykk, og de skal jaga bort folk som er større og sterkare enn de.

24. Kvar stad som de set foten på, skal høyra dykk til. Frå øydemarka og Libanon, frå Storelva, Eufrat, til havet i vest skal grensene dykkar gå.

25. Ingen skal kunna stå seg mot dykk. Herren dykkar Gud skal la heile det landet som de set foten på, skjelva av redsle for dykk, så som han har lova.

26. Sjå, i dag legg eg fram for dykk velsigning og forbanning:

27. velsigning, så sant de lyder boda åt Herren dykkar Gud, som eg gjev dykk i dag;

28. forbanning, dersom de ikkje lyder boda åt Herren dykkar Gud, men vik av frå den vegen eg i dag byd dykk å gå, og held dykk til andre gudar, som de ikkje kjenner.

29. Når Herren din Gud har ført deg til det landet du no går inn i og legg under deg, skal du lysa velsigning på Garisim-fjellet og forbanning på Ebal-fjellet.

30. Desse fjella ligg, som de veit, på hi sida av Jordan, mot vest, i landet åt dei kanaanearane som bur i Jordan-dalen, midt for Gilgal, ved More-eika.

31. No skal de gå over Jordan og inn i det landet som Herren dykkar Gud vil gje dykk, og leggja det under dykk. Når de har teke det og busett dykk der,

32. sjå då til at de lever etter alle dei føresegner og bod som eg legg fram for dykk i dag.