Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40
  41. 41
  42. 42
  43. 43
  44. 44
  45. 45
  46. 46
  47. 47
  48. 48
  49. 49
  50. 50

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 41 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Josef tyder draumane åt farao

1. To år etter hende det at farao hadde ein draum. Han tykte han stod nedmed Nilen.

2. Då steig det opp or elva sju kyr, fine å sjå til og godt i hold, og dei gav seg til å beita i elvegraset.

3. Etter dei kom det sju andre kyr opp or elva, stygge å sjå til og ringt i hold. Dei vart ståande attmed dei fyrste kyrne på elvebakken.

4. Og dei stygge, magre kyrne åt opp dei sju fine og feite. Då vakna farao.

5. Men så sovna han att og hadde ein draum til. No såg han sju tjukke, gode aks som voks på eitt og same strået.

6. Etter dei skaut det opp sju andre aks, som var tynne og svidne av austavinden.

7. Dei tynne aksa slukte dei sju tjukke, fulle aksa. Då vakna farao og skjøna at det var ein draum.

8. Men om morgonen hadde han slik uro i seg. Han sende bod etter alle spåmenn og vismenn i Egypt. Og farao fortalde dei draumane sine; men det var ingen som kunne tyda dei for han.

9. Då tok skjenkjarmeisteren åt farao til ords og sa: «Eg må minna om syndene mine i dag.

10. Farao vart ein gong harm på tenarane sine, meg og bakarmeisteren, og sette oss i varetekt hjå hovdingen over livvakta.

11. Ei natt drøymde vi, eg og han, og draumane våre hadde kvar si meining.

12. Der var vi saman med ein hebreargut, som tente hjå hovdingen over livvakta. Han fortalde vi draumane våre, og han tydde dei for oss; etter som kvar av oss hadde drøymt, tydde han dei.

13. Og så som han tydde dei for oss, så gjekk det. Eg fekk att stillinga mi, og bakaren vart hengd.»

14. Då sende farao bod etter Josef, og dei skunda seg og sleppte han ut or fengslet. Han raka seg og bytte klede, og så steig han fram for farao.

15. Då sa farao til Josef: «Eg har hatt ein draum, og det er ingen som kan tyda han. Men no har eg høyrt om deg at berre du høyrer ein draum, tyder du han med det same.»

16. Josef svara: «Eg rår ikkje for det. Gud vil nok gje eit svar som spår lukke for farao.»

17. Så sa farao til Josef: «Eg drøymde at eg stod nedmed Nilen.

18. Då kom det opp or elva sju kyr, feite og fine å sjå til; og dei gav seg til å beita i elvegraset.

19. Etter dei kom det opp sju andre kyr, som var tynne og magre og fælande stygge på skap. Så stygge kyr har eg aldri sett i heile Egypt.

20. Og dei magre, stygge kyrne åt opp dei sju fyrste, feite kyrne.

21. Men då dei hadde sett dei til livs, synte det ikkje på dei; dei var like stygge å sjå til som før. Då vakna eg.

22. Men eg sovna att, og drøymde at eg såg sju fulle og gode aks som voks på eitt og same strået.

23. Etter dei skaut det opp sju andre aks, turre og tynne og svidne av austavinden.

24. Dei tynne aksa slukte dei sju gode aksa. Dette fortalde eg til spåmennene, men ingen kunne greia det ut for meg.»

25. Då sa Josef til farao: «Draumane åt farao har ei og same meining. Det Gud vil gjera, har han kunngjort for farao.

26. Dei sju gode kyrne, det er sju år, og dei sju gode aksa, det òg er sju år. Det er ein og same draumen.

27. Dei sju magre, stygge kyrne som kom opp etter hine, er sju år. Og det er dei sju tynne aksa òg, dei som var svidne av austavinden; det er sju uår som skal koma.

28. Det var det eg meinte då eg sa til farao: Det Gud vil gjera, har han synt farao.

29. No kjem det sju gode år i heile Egypt.

30. Men etter dei skal det koma sju uår, så all overfloda vert gløymd i Egypt, og uåra skal arma ut landet.

31. Ingen skal minnast overfloda i landet for den nauda som fylgjer; for ho vert ovhard.

32. Men når farao hadde same draumen to gonger, kjem det av at Gud er fast rådd på dette, og at han vil gjera det snart.

33. No skulle farao sjå seg ut ein vis og vitug mann og setja han over Egypt.

34. Og så skulle han setja inn tilsynsmenn utover landet til å krevja inn femteparten av grøda i Egypt i dei sju åra det er overflod.

35. Dei skal samla alle matvarene i desse gode åra som kjem, og lagra matkorn i byane og ta vare på det for farao.

36. Kornet skal vera til livberging for landet i dei sju uåra som kjem over Egypt, så folket ikkje går til grunne av svolt.»

Josef vert styrar i landet

37. Farao og alle mennene hans tykte godt om desse orda.

38. Og farao sa til mennene sine: «Skal tru vi finn ein mann som har Guds Ande som han?»

39. Så sa farao til Josef: «Sidan Gud har late deg få vita alt dette, finst det ingen så vis og vitug som du.

40. Du skal styra huset mitt, og det du seier, skal heile folket retta seg etter. Berre kongsstolen vil eg ha framom deg.

41. Sjå, eg set deg over heile Egypt,» sa farao til Josef.

42. Og farao tok seglringen av handa si og sette han på handa åt Josef. Så kledde han Josef i fine linklede og hengde ei gull-lekkje kring halsen hans.

43. Og han lét Josef køyra i den nest beste vogna si, og dei ropa «Abrek» for han. Såleis sette farao han over heile Egypt.

44. Og han sa til Josef: «Eg er farao. Ingen skal røra hand eller fot i heile Egyptarlandet utan at du vil det.»

45. Farao kalla Josef Safenat-Paneah og gav han Asenat til kone. Ho var dotter til Potifera, presten i On. Så tok Josef til å ferdast kringom i Egypt.

46. Josef var tretti år gamal då han steig fram for farao, kongen i Egypt. Og då Josef gjekk bort frå farao, fór han gjennom heile Egypt.

47. Jorda bar så det bogna dei sju åra det var overflod.

48. Og han samla allslags grøde i dei sju gode åra i Egypt og lagra henne i byane. I kvar by lagra han grøda frå markene der ikring.

49. Josef hauga opp korn i store mengder – som havsens sand – til dei gav opp å halda tal på det; for det var ikkje teljande.

50. Før det fyrste uåret kom, fekk Josef to søner med Asenat, dotter til Potifera, presten i On.

51. Den eldste kalla han Manasse. «For Gud har late meg gløyma all mi møde og heile mi ætt,» sa han.

52. Den andre kalla han Efraim. «For Gud har gjeve meg born i det landet der eg leid vondt,» sa han.

53. Så var dei til ende, dei sju gode åra i Egypt,

54. og dei sju uåra tok til å koma, som Josef hadde sagt. Det var naud og svolt i alle land; berre i Egypt fanst det mat.

55. Men snart tok alt folket i Egypt til å svelta, og dei ropa til farao etter brød. Og farao sa til dei: «Gå til Josef! Det han seier dykk, skal de gjera.»

56. Nauda breidde seg ut over heile landet. Då opna Josef alle lagra og selde korn til egyptarane; for nauda var hard i Egypt.

57. Og frå alle land kom det folk til Egypt og ville kjøpa korn hjå Josef; for nauda var hard over heile jorda.