Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40
  41. 41
  42. 42
  43. 43
  44. 44
  45. 45
  46. 46
  47. 47
  48. 48
  49. 49
  50. 50

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 37 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Josef og brørne hans

1. Men Jakob vart buande i Kanaan, det landet far hans hadde halde til i.

2. Dette er soga om Jakobs-ætta.Då Josef var sytten år gamal, gjætte han småfeet i lag med brørne sine. Ung som han var, fylgde han sønene til Bilha og Silpa, konene til faren. Og alt det vonde han høyrde om dei, gjekk han til faren med.

3. Men Israel heldt meir av Josef enn av alle dei andre sønene sine, fordi han hadde fått han på sine gamle dagar. Han laga ein sid kjortel med lange ermar til han.

4. Og då brørne såg at far deira heldt meir av han enn av alle dei andre sønene sine, vart dei hatige på han og kunne ikkje seia eit venleg ord til han.

5. Ein gong hadde Josef ein draum, som han fortalde brørne sine, og då vart dei endå meir hatige på han.

6. Han sa til dei: «No skal de høyra kva eg har drøymt!

7. Eg tykte vi var ute på åkeren og skar. Best det var, reiste mitt kornband seg opp og stod, medan dykkar kornband stod rundt ikring og bøygde seg for mitt.»

8. Då sa brørne til han: «Vil du kan henda vera kongen vår og rå over oss?» Og så hata dei han endå meir for draumane og sogene hans.

9. Sidan hadde han ein annan draum, som han fortalde brørne sine. «Veit de kva eg no har drøymt?» sa han. «Sola og månen og elleve stjerner bøygde seg for meg.»

10. Men då han fortalde det til faren og brørne, skjente faren på han og sa: «Kva er det no du har drøymt? Skulle eg og mor di og brørne dine koma og bøya oss til jorda for deg?»

11. Brørne var avundsjuke på han, men faren la seg dette på minne.

12. Så var det ein gong brørne hans var av og gjætte småfeet åt faren bortmed Sikem.

13. Då sa Israel til Josef: «Gjæter ikkje brørne dine bortmed Sikem? Kom, eg vil senda deg til dei.» «Ja, gjer det!» svara han.

14. Då sa far hans: «Gå av stad og sjå korleis det står til med brørne dine og med småfeet; kom så heim att og sei meg det!» Så sende Jakob han i veg frå Hebron-dalen, og han kom til Sikem.

15. Medan han no vanka ikring på marka, møtte han ein mann. «Kva leitar du etter?» spurde mannen.

16. «Eg leitar etter brørne mine,» svara han. «Kjære, sei meg kvar dei gjæter!»

17. Mannen sa: «Dei er farne herifrå; eg høyrde dei sa: No vil vi til Dotan!» Så gjekk Josef etter brørne sine og fann dei i Dotan.

18. Dei såg han langt borte; og før han kom fram til dei, sette dei seg føre å drepa han.

19. Dei sa seg imellom: «Sjå, der kjem denne stordrøymaren!

20. No tek vi og slår han i hel! Så kastar vi han ned i ein av brunnane her og seier at eit udyr har ete han opp. Då skal vi sjå kva det vert av draumane hans.»

21. Men då Ruben høyrde det, ville han berga Josef ut or hendene deira og sa: «Vi må ikkje ta livet av han!»

22. Og Ruben heldt fram: «Lat det ikkje renna blod! Kasta han ned i denne brunnen her i øydemarka, men legg ikkje hand på han!» Dette sa han fordi han ville berga han ut or hendene deira og få han heim att til far hans.

23. Då no Josef kom bort til brørne sine, reiv dei av han kjortelen – kjortelen med dei lange ermane – som han gjekk i.

24. Og dei tok og kasta han ned i brunnen. Men brunnen var tom; det fanst ikkje vatn i han.

25. Så sette dei seg ned og ville eta. Men då dei såg opp, fekk dei auga på ein karavane med ismaelittar, som kom frå Gilead. Dei førte gummi, balsam og harpiks med seg på kamelane sine og var på veg til Egypt.

26. Då sa Juda til brørne sine: «Kva gagn er det i at vi slår bror vår i hel og døl drapet?

27. Kom, lat oss selja han til ismaelittane og ikkje leggja hand på han! Han er då bror vår, av same kjøt og blod som vi.» Og brørne hans lydde han.

28. Nokre kjøpmenn frå Midjan kom framom, og dei drog Josef opp or brunnen. Så selde dei han til ismaelittane for tjue sekel sølv; og dei tok han med seg til Egypt.

29. Då Ruben kom attende til brunnen og fekk sjå at Josef ikkje var der, reiv han sund kleda sine.

30. Han gjekk attende til brørne og sa: «Guten er der ikkje! Kvar skal eg no gjera av meg?»

31. Så slakta dei ein bukk, tok kjortelen åt Josef og duppa han i blodet.

32. Og dei sende kjortelen med dei lange ermane heim til far sin og sa: «Denne har vi funne. Sjå etter om det ikkje er kjortelen åt son din!»

33. Då han hadde sett etter, sa han: «Det er kjortelen åt son min. Eit udyr har ete han opp. Josef er ihelriven!»

34. Og Jakob reiv sund kleda sine, batt syrgjeplagg kring hoftene og syrgde over son sin i lange tider.

35. Alle sønene og døtrene kom og ville trøysta han. Men han var ikkje til å trøysta. «Med sorg lyt eg fara ned til son min i dødsriket,» sa han. Og faren gret over son sin.

36. Men midjanittane selde Josef i Egypt, til Potifar, som var hoffmann hjå farao og hovding over livvakta.