Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40
  41. 41
  42. 42
  43. 43
  44. 44
  45. 45
  46. 46
  47. 47
  48. 48
  49. 49
  50. 50

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 47 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Jakob og sønene hans hjå farao

1. Så gjekk Josef til farao og fortalde dette. Han sa: «Far min og brørne mine er komne frå Kanaan med småfeet og storfeet sitt og alt det dei eig; no er dei i Gosen.»

2. Og han tok ut fem av brørne sine og leidde dei fram for farao.

3. Då sa farao til brørne: «Kva har de til leveveg?» Dei svara: «Tenarane dine er gjætarar, vi som fedrane våre.

4. Vi er komne og vil bu ei tid her i landet. Det fanst ikkje beite åt buskapen vår; for det er eit hardt uår i Kanaan. Lat oss difor få bu i Gosen!»

5. Då sa farao til Josef: «Når far din og brørne dine er komne til deg,

6. ligg heile Egypt ope for deg. Lat far din og brørne dine bu i den beste delen av landet! Dei kan slå seg ned i Gosen. Og veit du at det finst dugande folk mellom dei, så set dei til å ha det øvste tilsynet med buskapen min!»

7. Josef henta Jakob, far sin, og førte han fram for farao, og Jakob helsa han.

8. «Kor langt oppi åra er du?» spurde farao.

9. Jakob svara: «I 130 år har eg ferdast ikring i framandt land. Få og vonde har leveåra mine vore. Dei har vore færre enn dei år fedrane mine levde som framande.»

10. Så bad Jakob farvel med farao og gjekk bort frå han.

11. Josef lét far sin og brørne sine busetja seg i Egypt. Han gav dei jord i Ramses-bygda, den beste delen av landet, som farao hadde sagt.

12. Og Josef sytte for brød til far sin og brørne sine og heile farsfolket sitt og gav dei etter talet på borna deira.

Korleis Josef styrte i Egypt

13. Det fanst ikkje brød i heile landet; for uåret var svært hardt. Både Egypt og Kanaan var reint avmakta av hungersnauda.

14. Josef samla då alle pengane som fanst i Egypt og Kanaan; han fekk dei for kornet folk kjøpte. Og Josef tok pengane med til huset åt farao.

15. Men då dei ikkje hadde meir pengar i Egypt og Kanaan, kom alle egyptarane til Josef og sa: «Gjev oss brød! Skal vi døy for augo dine berre fordi vi ikkje har meir pengar?»

16. Josef svara: «Kom hit med buskapen dykkar, så skal eg gje dykk brød for feet, om de ikkje har meir pengar.»

17. Då kom dei til Josef med buskapen sin, og han gav dei brød for hestane, småfeet, storfeet og esla. Han heldt dei med brød det året, og for det fekk han heile buskapen deira.

18. Så leid det året, og året etter kom dei til han og sa: «Vi vil ikkje dølja for deg, herre, at det er slutt med pengane. Og buskapen vår har du òg fått. No har vi ikkje anna å by deg, herre, enn oss sjølve og jorda vår.

19. Kvifor skal vi gå til grunne for augo dine, både vi og jorda vår? Kjøp oss og jordvegen vår for brød, så skal vi med jorda vår vera trælar under farao! Lat oss berre få såkorn, så vi kan berga livet, og jorda ikkje skal øydast!»

20. Så kjøpte Josef all jord i Egypt til farao. Egyptarane selde jorda si, alle som ein; for hungersnauda kvilte tungt på dei. Og farao kom til å eiga landet.

21. Josef gjorde folket til trælar for farao, frå den eine enden av Egypt til den andre.

22. Berre prestejorda kjøpte han ikkje, for prestane hadde faste inntekter frå farao, og levde av det som han gav dei. Difor selde dei ikkje jorda si.

23. Josef sa til folket: «Sjå, no har eg kjøpt både dykk og jorda dykkar til farao. Her har de korn; så åkrane til!

24. Men av det de haustar, skal de la farao få ein femtepart. Og fire femtepartar skal de ha sjølve til såkorn og til mat for dykk og huslydane og borna dykkar.»

25. Då svara dei: «Du har berga livet vårt. Vil du berre visa godvilje mot oss, skal vi vera trælar under farao.»

26. Så gjorde Josef det til ei lov, som gjeld den dag i dag for jorda i Egypt, at farao skulle ha femteparten av avlinga. Berre prestejorda kom ikkje under farao.

Jakobs siste vilje

27. Israelittane vart buande i Egypt, i Gosen. Dei fekk seg eigedom der og voks og auka sterkt i tal.

28. Jakob levde 17 år i Egypt, og levetida hans vart 147 år.

29. Då det leid til den tid at Israel skulle døy, kalla han til seg Josef, son sin, og sa til han: «Har du godvilje for meg, så legg handa di i fanget mitt, og lov meg at du vil vera så god og trufast mot meg at du ikkje gravlegg meg i Egypt!

30. Når eg går til kvile hjå fedrane mine, før meg då bort frå Egypt og legg meg i grava deira!» «Eg skal gjera som du seier,» svara Josef.

31. Då sa Jakob: «Gjer eid på det!» Så gjorde han eid på det. Og Israel bøygde seg over hovudgjerda og tilbad.