Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40
  41. 41
  42. 42
  43. 43
  44. 44
  45. 45
  46. 46
  47. 47
  48. 48
  49. 49
  50. 50

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 36 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Esau-ætta

1. Dette er ætta til Esau, som òg vert kalla Edom.

2. Esau tok seg koner mellom jentene i Kanaan: Ada, dotter til hetitten Elon, Oholibama, dotter til Ana, som var son til hevitten Sibon,

3. og Basmat, dotter til Ismael, syster til Nebajot.

4. Med Ada fekk Esau sonen Elifas og med Basmat Re’uel;

5. og med Oholibama fekk han Je’usj, Jalam og Korah. Dette var dei sønene som Esau fekk i Kanaan.

6. Esau tok konene sine, sønene og døtrene sine og heile huslyden sin, buskapen, alle husdyra sine og alt godset han hadde samla seg i Kanaan, og flytte til Se’ir-landet, bort frå Jakob, bror sin.

7. For dei hadde så mykje fe at dei ikkje kunne bu saman. Det landet dei hadde halde til i, kunne ikkje røma dei, så stor var buskapen deira.

8. Esau slo seg då ned i Se’ir-fjella; Esau, det er den same som Edom.

9. Dette er ætta åt Esau, som var ættefar til edomittane i fjell-landet Se’ir.

10. Her er namna på Esau-sønene: Elifas, son til Ada, kona hans Esau, og Re’uel, son til Basmat, kona hans Esau.

11. Sønene til Elifas var Teman, Omar, Sefo, Gatam og Kenas.

12. Elifas, son til Esau, hadde ei fylgjekone som heitte Timna. Med henne fekk han sonen Amalek. Det var etterkomarane etter Ada, kona hans Esau.

13. Og dette er sønene til Re’uel: Nahat, Serah, Sjamma og Missa. Det var etterkomarane etter Basmat, kona hans Esau.

14. Og dette er dei sønene Esau fekk med kona si Oholibama, dotter hans Ana, son til hevitten Sibon: Je’usj, Jalam og Korah.

15. Dette er hovdingane i Esau-ætta: Sønene til Elifas, eldste son hans Esau, var hovdingane Teman, Omar, Sefo, Kenas,

16. Korah, Gatam og Amalek. Det er dei hovdingane som er ætta frå Elifas i Edom. Dei er etterkomarar etter Ada.

17. Og dette er sønene til Re’uel, son hans Esau: hovdingane Nahat, Serah, Sjamma og Missa. Det er dei hovdingane som er ætta frå Re’uel i Edom. Dei er etterkomarar etter Basmat, kona hans Esau.

18. Og dette er sønene til Oholibama, kona hans Esau: hovdingane Je’usj, Jalam og Korah. Det er dei hovdingane som er ætta frå Oholibama Anasdotter, kona hans Esau.

19. Dette var sønene til Esau – det er Edom – og dei hovdingane som er ætta frå dei.

20. Dette er sønene til horitten Se’ir, som budde i landet før: Lotan, Sjobal, Sibon, Ana,

21. Disjon, Eser og Disjan. Det er hovdingane åt horittane, Se’ir-sønene i Edom.

22. Sønene til Lotan var Hori og Heman, og syster hans var Timna.

23. Dette er sønene til Sjobal: Alvan, Manahat, Ebal, Sjefo og Onam.

24. Dette er sønene til Sibon: Ajja og Ana. Det er den Ana som fann dei varme kjeldene i øydemarka, medan han gjætte esla åt Sibon, far sin.

25. Dette er borna til Ana: Disjon og dottera Oholibama.

26. Og dette er sønene til Disjon: Hemdan, Esjban, Jitran og Keran.

27. Dette er sønene til Eser: Bilhan, Sa’avan og Akan.

28. Og dette er sønene til Disjan: Us og Aran.

29. Dette er ættehovdingane åt horittane: hovdingane Lotan, Sjobal, Sibon, Ana,

30. Disjon, Eser og Disjan. Det var horitthovdingane i Se’ir, ætt for ætt.

31. Dette er dei kongane som rådde i Edom før det var nokon konge i Israel:

32. Bela, son til Beor, var konge i Edom, og byen hans heitte Dinhaba.

33. Då Bela døydde, vart Jobab, son til Serah, frå Bosra, konge etter han.

34. Då Jobab døydde, vart Husjam frå Teman konge etter han.

35. Då Husjam døydde, vart Hadad, son til Bedad, konge etter han. Det var han som slo midjanittane på Moab-marka. Byen hans heitte Avit.

36. Då Hadad døydde, vart Samla frå Masreka konge etter han.

37. Då Samla døydde, vart Saul frå Rehobot ved Eufrat konge etter han.

38. Då Saul døydde, vart Ba’al-Hanan, son til Akbor, konge etter han.

39. Då Ba’al-Hanan, son til Akbor, døydde, vart Hadar konge etter han. Byen hans heitte Pa’u, og kona hans heitte Mehetabel. Ho var dotter til Matred, dotter til Mesahab.

40. Dette er namna på hovdingane i Esau-ætta, nemnde etter bustader, ættgreiner og namn: hovdingane Timna, Alva, Jetet,

41. Oholibama, Ela, Pinon,

42. Kenas, Teman, Mibsar,

43. Magdiel og Iram. Dette var hovdingane i Edom etter bustadene deira i det landet dei åtte. Og dette var ætta til Esau, far til Edom-folket.