Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40
  41. 41
  42. 42
  43. 43
  44. 44
  45. 45
  46. 46
  47. 47
  48. 48
  49. 49
  50. 50

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Gud kallar og velsignar Abram

1. Herren sa til Abram: «Far ut or landet ditt, bort frå folket og farshuset ditt, til det landet som eg vil syna deg!

2. Eg vil gjera deg til eit stort folk; eg vil velsigna deg og gjera namnet ditt stort. Og du skal verta til velsigning!

3. Eg vil velsigna dei ¬som velsignar deg,og forbanna den ¬som forbannar deg.I deg skal alle ætter på jorda ¬velsignast.»

4. Så tok Abram ut, som Herren hadde sagt, og Lot var med han. Abram var 75 år gamal då han flytte frå Karan.

5. Han tok med seg Sarai, kona si, og Lot, brorson sin, og alt godset dei hadde samla, og det tenestfolket dei hadde fått seg i Karan. Dei tok ut og ville fara til Kanaan.Då dei kom til Kanaan,

6. fór Abram fram gjennom landet heilt til helgstaden Sikem, til More-eika. Kanaanearane budde den gongen i landet.

7. Då synte Herren seg for Abram og sa: «Di ætt vil eg gje dette landet.» Og der bygde Abram eit altar for Herren, som hadde synt seg for han.

8. Derifrå flytte han opp i fjellet austanfor Betel og sette opp teltet sitt, så han hadde Betel i vest og Ai i aust. Der bygde han eit altar for Herren og kalla på Herrens namn.

9. Sidan drog Abram vidare frå stad til stad, til Negev.

Abram og Sarai i Egypt

10. Så vart det uår i landet. Då fór Abram ned til Egypt og ville halda til der; for nauda var stor i landet.

11. Då det leid så langt at han mest var komen til Egypt, sa han til Sarai, kona si: «Høyr no her! Eg veit at du er ei fager kvinne.

12. Når egyptarane får sjå deg, kjem dei til å seia: Dette er kona hans! Så slår dei meg i hel og lèt deg leva.

13. Kjære, sei at du er syster mi, så det kan gå meg vel for di skuld, og eg ikkje skal missa livet!»

14. Då så Abram kom fram til Egypt, såg egyptarane at kvinna var ovfager.

15. Og då stormennene åt farao fekk sjå henne, rosa dei henne for han. Så vart ho henta til huset åt farao.

16. Og farao gjorde vel imot Abram for hennar skuld. Han fekk småfe, storfe og esel, trælar og trælkvinner, eselhopper og kamelar.

17. Men Herren slo farao og huset hans med svære plager på grunn av Sarai, kona hans Abram.

18. Då kalla farao Abram til seg og sa: «Kva er det du har gjort imot meg? Kvifor lét du meg ikkje vita at ho er kona di?

19. Kvifor sa du at ho er syster di, så eg tok henne til kone? Sjå, her har du kona di! Ta henne og far din veg!»

20. Og farao sette nokre menn til å fylgja han på vegen med kona hans og alt det han åtte.