Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40
  41. 41
  42. 42
  43. 43
  44. 44
  45. 45
  46. 46
  47. 47
  48. 48
  49. 49
  50. 50

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 46 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Jakob fer til Egypt

1. Så tok Israel ut med alt det han hadde. Då han kom til Be’er-Sjeba, ofra han slaktoffer til han som var Gud åt Isak, far hans.

2. Då tala Gud til Israel i eit syn om natta og sa: «Jakob, Jakob!» Og Israel svara: «Ja, her er eg.»

3. Så sa han: «Eg er Gud, Gud åt far din. Ver ikkje redd for å fara til Egypt; for der vil eg gjera deg til eit stort folk!

4. Eg skal sjølv fara med deg dit ned, og eg skal føra deg opp att òg. Og Josef skal leggja att augo dine.»

5. Så tok Jakob ut frå Be’er-Sjeba. Israels-sønene sette faren og borna og konene sine opp i dei vognene farao hadde sendt til å henta han i.

6. Dei tok med seg buskapen sin og godset dei hadde samla i Kanaan. Og så kom dei til Egypt, Jakob og heile hans ætt med han.

7. Sønene og sonesønene, døtrene og sonedøtrene, heile si ætt, hadde han med seg til Egypt.

8. Dette er namna på israelittane, Jakob og etterkomarane hans, som kom til Egypt: Ruben, eldste son til Jakob,

9. og sønene til Ruben: Hanok, Pallu, Hesron og Karmi;

10. sønene til Simeon: Jemuel, Jamin, Ohad, Jakin og Sohar, og Saul, som var son til ei kanaanearkvinne;

11. sønene til Levi: Gersjon, Kehat og Merari;

12. sønene til Juda: Er, Onan, Sjela, Peres og Serah – Er og Onan døydde i Kanaan; Peres hadde sønene Hesron og Hamul;

13. sønene til Jissakar: Tola, Puvva, Job og Sjimron;

14. sønene til Sebulon: Sered, Elon og Jakle’el.

15. Dette var sønene til Lea, dei ho fekk med Jakob i Mesopotamia. Og så fekk ho dottera Dina. I alt var det 33 søner og døtrer.

16. Sønene til Gad: Sifjon, Haggi, Sjuni, Esbon, Eri, Arodi og Areli;

17. sønene til Asjer: Jimna, Jisjva, Jisjvi og Beria, og så Serah, syster deira. Beria hadde sønene Heber og Malkiel.

18. Dette var borna til Silpa, som Laban gav Lea, dotter si. Ho fekk dei med Jakob, og dei var 16 i talet.

19. Sønene til Rakel, kona hans Jakob, var Josef og Benjamin.

20. I Egypt fekk Josef søner med Asenat, dotter til Potifera, presten i On. Det var Manasse og Efraim.

21. Sønene til Benjamin: Bela, Beker, Asjbel, Gera, Na’aman, Ehi, Rosj, Muppim, Huppim og Ard.

22. Dette var sønene til Rakel, som ho fekk med Jakob. Dei var 14 i talet.

23. Son til Dan: Husjim;

24. sønene til Naftali: Jakse’el, Guni, Jeser og Sjillem.

25. Dette var sønene til Bilha, som Laban gav Rakel, dotter si. Ho fekk dei med Jakob, og dei var 7 i talet.

26. Dei som kom med Jakob til Egypt, og som var ætta frå han, var 66 i alt, forutan sonekonene hans.

27. Og sønene til Josef, som han fekk i Egypt, var to. Alle som kom til Egypt av Jakobs-ætta, var 70 i talet.

28. Jakob sende Juda føre seg til Josef; han skulle visa veg til Gosen. Då dei kom dit,

29. lét Josef setja føre vogna si og fór til Gosen, til møtes med Israel, far sin. Med det same han fekk sjå han, kasta han seg om halsen på han. Han gret lenge, med armane kring halsen hans.

30. Då sa Israel til Josef: «No vil eg gjerne døy, sidan eg har sett deg i andletet og veit at du enno er i live.»

31. Josef sa til brørne sine og til farsfolket sitt: No fer eg til farao og fortel han dette. Eg vil seia til han: Brørne mine og farsfolket mitt, som var i Kanaan, har kome hit til meg.

32. Desse mennene er gjætarar, dei har alltid drive med feal. Og no har dei teke med seg småfeet og storfeet sitt og alt det dei eig.

33. Når så farao kallar dykk til seg og spør: «Kva har de til leveveg?»

34. skal de svara: «Tenarane dine har drive med feal frå ungdomen og til no, vi som fedrane våre.» Då får de bu i Gosen. For alle gjætarar er ein styggedom for egyptarane.