Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40
  41. 41
  42. 42
  43. 43
  44. 44
  45. 45
  46. 46
  47. 47
  48. 48
  49. 49
  50. 50

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Tårnet i Babel

1. Heile verda hadde eitt språk og same tungemålet.

2. Då folk tok ut frå aust, fann dei ein brei dal i Sinear-landet, og der slo dei seg ned.

3. Dei sa til kvarandre: «Kom, lat oss laga teglstein og brenna han vel!» Dei bruka tegl til murstein og jordbek til kalk.

4. Så sa dei: «Kom, lat oss byggja ein by med eit tårn som når opp til himmelen, og gjera oss namngjetne, så vi ikkje vert spreidde ut over heile jorda!»

5. Då steig Herren ned og ville sjå på byen og tårnet som menneska bygde.

6. Og Herren sa: «Sjå, dei er eitt folk, og alle har dei same tungemålet. Dette er det fyrste dei tek seg føre. No vert ikkje noko umogeleg for dei, kva dei så finn på å gjera.

7. Lat oss stiga ned og vildra tungemålet deira, så den eine ikkje skjønar kva den andre seier!»

8. Så spreidde Herren dei derifrå ut over heile jorda, og dei heldt opp med å byggja på byen.

9. Difor kalla dei han Babel. For der vildra Herren tungemålet for heile verda, og derifrå spreidde han dei ut over all jorda.

Sems-ætta

10. Dette er etterkomarane etter Sem. Då Sem var 100 år, fekk han sonen Arpaksjad, to år etter storflaumen.

11. Og etter at han hadde fått Arpaksjad, levde han endå 500 år og fekk søner og døtrer.

12. Då Arpaksjad var 35 år, fekk han sonen Sjelah.

13. Og etter at han hadde fått Sjelah, levde han endå 403 år og fekk søner og døtrer.

14. Då Sjelah var 30 år, fekk han sonen Eber.

15. Og etter at han hadde fått Eber, levde han endå 403 år og fekk søner og døtrer.

16. Då Eber var 34 år, fekk han sonen Peleg.

17. Og etter at han hadde fått Peleg, levde han endå 430 år og fekk søner og døtrer.

18. Då Peleg var 30 år, fekk han sonen Re’u.

19. Og etter at han hadde fått Re’u, levde han endå 209 år og fekk søner og døtrer.

20. Då Re’u var 32 år, fekk han sonen Serug.

21. Og etter at han hadde fått Serug, levde han endå 207 år og fekk søner og døtrer.

22. Då Serug var 30 år, fekk han sonen Nakor.

23. Og etter at han hadde fått Nakor, levde han endå 200 år og fekk søner og døtrer.

24. Då Nakor var 29 år, fekk han sonen Tarah.

25. Og etter at han hadde fått Tarah, levde han endå 119 år og fekk søner og døtrer.

26. Då Tarah var 70 år, fekk han sønene Abram, Nakor og Haran.

Tarah-ætta

27. Dette er soga om Tarah og ætta hans. Tarah fekk sønene Abram, Nakor og Haran. Og Haran fekk sonen Lot.

28. Haran døydde hjå Tarah, far sin, i fedrelandet sitt, i Ur i Kaldea.

29. Abram og Nakor tok seg koner. Kona til Abram heitte Sarai, og kona til Nakor heitte Milka. Ho var dotter til Haran. Han hadde døtrene Milka og Jiska.

30. Men Sarai var barnlaus; ho kunne ikkje få born.

31. Tarah tok med seg Abram, son sin, og Lot Haransson, soneson sin, og Sarai, sonekona si, kona til Abram, og førte dei ut frå Ur i Kaldea og ville fara til Kanaan. Men då dei kom til Karan, slo dei seg ned der.

32. Levetida hans Tarah vart 205 år. Så døydde Tarah i Karan.