Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes' Openberring 3 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Til Sardes

1. Skriv til engelen for kyrkjelyden i Sardes:Dette seier han som har dei sju Guds ånder og dei sju stjernene: Eg veit om gjerningane dine! Du har ord på deg for å leva, men du er død.

2. Vakna, og styrk dei andre som held på å døy! For eg har funne at gjerningane dine ikkje held mål for min Gud.

3. Kom i hug korleis du tok imot og høyrde! Hald fast på det og vend om! Men om du ikkje vaker, skal eg koma som ein tjuv, og du skal ikkje vita kva time eg kjem over deg.

4. Men du har nokre få i Sardes som ikkje har sulka til kleda sine. Og dei skal gå med meg i kvite klede, for dei er verdige til det.

5. Ja, den som sigrar, skal verta kledd i kvite klede, og eg skal aldri stryka namnet hans ut or livsens bok, men kjennast ved namnet hans for Far min og englane hans.

6. Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane!

Til Filadelfia

7. Skriv til engelen for kyrkjelyden i Filadelfia:Dette seier Den Heilage og Sannferdige, han som har Davids nykel, han som opnar så ingen kan stengja, og stengjer så ingen kan opna:

8. Eg veit om gjerningane dine. Sjå, eg har sett framfor deg ei opna dør, som ingen kan stengja. For du har lita kraft, og likevel har du halde fast på mitt ord og ikkje fornekta mitt namn.

9. Sjå, eg lèt nokre koma frå Satans synagoge, av dei som lyg og seier dei er jødar, men ikkje er det. Dei skal koma og kasta seg ned for føtene dine, og dei skal skjøna at eg har elska deg.

10. Du har halde fast på mitt ord om tolmod. Difor vil eg halda fast på deg i den prøvingstid som skal koma over heile verda, for å prøva dei som bur på jorda.

11. Eg kjem snart. Hald fast på det du har, så ingen skal ta krona di!

12. Den som sigrar, han vil eg gjera til ei søyle i min Guds tempel, og han skal aldri meir gå ut derifrå. Eg vil skriva min Guds namn på han og namnet på min Guds by – det nye Jerusalem, som kjem ned frå himmelen, frå min Gud – og like eins mitt eige nye namn.

13. Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane!

Til Laodikea

14. Skriv til engelen for kyrkjelyden i Laodikea:Dette seier han som er Amen, det trufaste og sannferdige vitnet, opphavet til Guds skaparverk:

15. Eg veit om gjerningane dine; du er korkje kald eller varm. Gjev du var kald eller varm!

16. Men du er lunka, ikkje kald og ikkje varm. Difor vil eg spytta deg ut or min munn.

17. «Eg er rik,» seier du, «eg har overflod og vantar ingen ting.» Men du veit ikkje at nett du er arm og ynkeleg, blind, fattig og naken.

18. Difor rår eg deg til å kjøpa av meg gull som er lutra i eld, så du kan verta rik, og kvite klede som du kan kle deg med og løyna di nakne skam, og salve til å ha på augo dine, så du kan sjå.

19. Alle dei eg har kjær, refser og tuktar eg. Gjer alvor av å venda om!

20. Sjå, eg står for døra og bankar på. Om nokon høyrer mi røyst og opnar døra, då vil eg gå inn til han og halda måltid, eg med han og han med meg.

21. Den som sigrar, han vil eg la sitja med meg på min kongsstol, liksom eg sjølv har sigra og sett meg med Far min på hans kongsstol.

22. Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane!