Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes' Openberring 6 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Dei sju segla

Dei seks fyrste segla vert brotne

1. I synet såg eg Lammet bryta det fyrste av dei sju segla, og eg høyrde ein av dei fire skapningane ropa med torerøyst: «Kom!»

2. Då såg eg ein kvit hest, og han som sat på hesten, hadde ein boge. Det vart gjeve han ein sigerskrans, og med siger drog han ut for å sigra.

3. Då Lammet braut det andre seglet, høyrde eg den andre skapningen seia: «Kom!»

4. Og det kom fram ein annan hest, raud som eld. Han som sat på hesten, fekk makt til å ta freden bort frå jorda, så folk skulle slakta kvarandre; og det vart gjeve han eit stort sverd.

5. Då Lammet braut det tredje seglet, høyrde eg den tredje skapningen seia: «Kom!» Då fekk eg sjå ein svart hest, og han som sat på hesten, hadde ei vekt i handa.

6. Og eg høyrde liksom ei røyst inne mellom dei fire skapningane: «Ein liter kveite for ei dagløn! Tre liter bygg for ei dagløn! Men oljen og vinen må du ikkje skada.»

7. Då Lammet braut det fjerde seglet, høyrde eg den fjerde skapningen ropa: «Kom!»

8. Då fekk eg sjå ein gulbleik hest. Han som sat på hesten, bar namnet Døden, og dødsriket fylgde han. Dei fekk makt over fjerdeparten av jorda, så dei kunne drepa med sverd, hungersnaud og pest, og med hjelp frå villdyra på jorda.

9. Då Lammet braut det femte seglet, såg eg under altaret sjelene åt dei som var ihelslegne for Guds ord skuld og for det vitnemålet dei hadde.

10. Dei ropa med høg røyst: «Herre, du heilage og truverdige, kor lenge vil du venta før du held dom og straffar dei som bur på jorda, fordi dei rende ut blodet vårt?»

11. Då fekk kvar av dei ei kvit kappe, og det vart sagt dei at dei skulle halda seg i ro endå ei lita stund, til det var fullt, talet på medtenarane og brørne deira, dei som skulle verta ihelslegne liksom dei sjølve.

12. Og eg såg Lammet bryta det sjette seglet. Då kom det eit stort jordskjelv. Sola vart svart som ein syrgjebunad, heile månen vart som blod,

13. og stjernene på himmelen fall ned på jorda liksom umogne frukter drys frå eit fikentre i storm.

14. Himmelen rivna og rulla seg saman som ein bokrull, og kvart fjell og kvar øy vart flytte frå sin stad.

15. Kongane på jorda, stormenn og hærførarar, dei rike og dei mektige, kvar træl og kvar fri mann, alle gøymde seg i holer og mellom berghamrar.

16. Og dei sa til fjella og hamrane: «Fall over oss og løyn oss for han som sit på kongsstolen, og for vreiden åt Lammet.

17. For den store dagen er komen, vreidedagen, og kven kan stå seg då?»