Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes' Openberring 7 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Guds tenarar vert merkte med segl

1. Deretter såg eg fire englar som stod på dei fire verdshjørna og heldt dei fire vindane på jorda, så det ikkje skulle blåsa nokon vind på jorda eller over havet eller mot trea.

2. Og eg såg ein annan engel: Han steig fram i aust og bar den levande Guds segl. Med høg røyst ropa han til dei fire englane som hadde fått makt til å skada jorda og havet:

3. «Rør ikkje jorda eller havet eller trea før vi har sett segl på panna til tenarane åt vår Gud!»

4. Og eg høyrde talet på dei som bar seglet: Det var 144 000, frå alle ættene i Israels-folket.

5. Av Juda-ætta var det 12 000 ¬med segl,av Rubens-ætta 12 000,av Gads-ætta 12 000,

6. av Asjers-ætta 12 000,av Naftali-ætta 12 000,av Manasse-ætta 12 000,

7. av Simeons-ætta 12 000,av Levi-ætta 12 000,av Jissakars-ætta 12 000,

8. av Sebulons-ætta 12 000,av Josefs-ætta 12 000,og av Benjamins-ætta 12 000 ¬med segl.

Den store kvite flokken

9. Deretter såg eg ein flokk så stor at ingen kunne telja han, av alle folkeslag og ætter, av alle folk og tungemål. Dei stod framfor kongsstolen og Lammet, kledde i kvite klede og med palmegreiner i hendene.

10. Og dei ropa med høg røyst:Sigeren tilhøyrer vår Gud,han som sit på kongsstolen, ¬og Lammet.

11. Alle englane stod i ein krins om kongsstolen og dei eldste og dei fire skapningane. Dei kasta seg ned framfor kongsstolen med andletet mot jorda og tilbad Gud

12. og sa:Amen.All lov og pris og visdom,takk og ære, makt og veldehøyrer vår Gud til i all æve.Amen.

13. Då tok ein av dei eldste til ords og spurde meg: «Desse som er kledde i kvite klede, kven er dei og kvar kjem dei frå?»

14. «Herre,» svara eg, «du veit det.» Då sa han til meg: «Dette er dei som kjem ut or den store trengsla og har vaska kleda sine og gjort dei kvite i Lammets blod.

15. Difor står dei for Guds kongsstol og tener han dag og natt i hans tempel. Og han som sit på kongsstolen, skal reisa sin bustad over dei.

16. Dei skal ikkje lenger svelta eller tyrsta, og sola skal ikkje falla på dei eller brennande hete.

17. For Lammet, som står midt framfor kongsstolen, skal vera hyrdingen deira og føra dei til kjelder med livsens vatn, og Gud skal turka kvar tåre frå augo deira.»