Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes' Openberring 2 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Brev til dei sju kyrkjelydane

Til Efesos

1. Skriv til engelen for kyrkjelyden i Efesos:Dette seier han som held dei sju stjernene i si høgre hand, han som går omkring mellom dei sju gull-ljosestakane:

2. Eg veit om gjerningane dine; du har arbeidt, og du har halde ut. Eg veit òg at du ikkje kan tola dei vonde. Du har prøvt dei som kallar seg apostlar, men ikkje er det, og du har funne at dei er lygnarar.

3. Du har halde ut, og du har tolt mykje for mitt namn skuld og ikkje gått trøytt.

4. Men det har eg imot deg at du har gjeve opp din fyrste kjærleik.

5. Kom i hug kvar du stod før du fall! Vend om og gjer på nytt dei fyrste gjerningane dine! Elles kjem eg over deg og tek ljosestaken din bort – om du ikkje vender om.

6. Men den ros skal du ha, at du hatar gjerningane åt nikolaittane, som eg sjølv gjer.

7. Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane! Den som sigrar, han vil eg la eta av livsens tre, som er i Guds paradis.

Til Smyrna

8. Skriv til engelen for kyrkjelyden i Smyrna:Dette seier den fyrste og den siste, han som var død og har vorte levande:

9. Eg veit om trengsla di og fattigdomen din – men du er rik. Eg veit òg at du vert spotta av dei som kallar seg jødar, men ikkje er det, for dei er Satans synagoge.

10. Ver ikkje redd for det du skal lida! Djevelen kjem til å kasta nokre av dykk i fengsel, så de skal setjast på prøve, og de skal lida vondt i ti dagar. Ver tru til døden, så skal eg gje deg livsens krone!

11. Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane! Den som sigrar, skal ikkje skadast av den andre døden.

Til Pergamon

12. Skriv til engelen for kyrkjelyden i Pergamon:Dette seier han som har det kvasse tvieggja sverdet:

13. Eg veit kvar du bur, der Satan har kongsstolen sin. Likevel held du fast på mitt namn. Og du har ikkje fornekta trua på meg, ikkje eingong i dei dagane då Antipas, mitt trufaste vitne, vart ihelslegen i byen dykkar, der Satan bur.

14. Men noko har eg imot deg: Du har nokre hjå deg som held seg til Bileams lære, han som lærte Balak korleis israelittane skulle lokkast til synd, så dei åt avgudsoffer og dreiv hor.

15. Du har òg nokre hjå deg av same slaget, dei som held seg til læra åt nikolaittane.

16. Vend om! Elles kjem eg snart over deg og vil strida mot dei med sverdet som går ut or min munn.

17. Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane! Den som sigrar, han vil eg gje av den løynde manna. Og eg vil gje han ein kvit stein, med eit nytt namn rita inn, eit namn som ingen kjenner utan den som får steinen.

Til Tyatira

18. Skriv til engelen for kyrkjelyden i Tyatira:Dette seier Guds Son, han som har augo som logande eld og føter som bronse:

19. Eg veit om gjerningane dine, kjærleiken din og trua di, tenesta di og tolmodet ditt. Ja, dei siste gjerningane dine er betre enn dei fyrste!

20. Men det har eg imot deg at du lèt kvinna Jesabel halda på, ho som kallar seg profet, men som med læra si lokkar tenarane mine til å driva hor og eta avgudsoffer.

21. Eg har gjeve henne tid til å venda om, men ho vil ikkje venda om frå sitt horeliv.

22. Sjå, no kastar eg henne på sjukeseng, og dei som gjer ekteskapsbrot med henne, skal koma i stor naud, om dei ikkje vender om frå gjerningane hennar;

23. og borna hennar vil eg la døden riva bort. Då skal alle kyrkjelydane sanna at eg er den som granskar nyrer og hjarto, og som løner kvar og ein av dykk etter det han har gjort.

24. Men til dykk andre i Tyatira, alle som ikkje fylgjer denne læra og ikkje har «kjent Satans avgrunnar», som dei kallar det, til dykk seier eg: Eg legg inga ny bør på dykk.

25. Hald berre fast på det de har, til dess eg kjem.

26. Den som sigrar og til det siste held fast på dei gjerningar eg vil de skal gjera, han skal eg gje makt over folkeslaga.

27. Med jernstav skal han styra dei, og som leirkar skal dei knusast.

28. Ei slik makt har eg fått av Far min. Og eg vil gje han morgonstjerna.

29. Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane!