Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes' Openberring 12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Den store striden

Kvinna og draken

1. Det synte seg eit stort teikn på himmelen: ei kvinne sveipt i sola, med månen under føtene og med ein krans av tolv stjerner på hovudet.

2. Ho var med barn og skreik i barnsnaud og føderier.

3. På himmelen synte det seg eit anna teikn òg: ein stor eldraud drake; han hadde sju hovud og ti horn og på hovuda sju kroner.

4. Med halen drog han med seg tredjeparten av stjernene og kasta dei ned på jorda. Draken steig fram for kvinna som skulle føda; han ville sluka barnet så snart det var født.

5. Då fødde ho eit gutebarn, som ein gong skal styra alle folkeslag med jernstav. Og barnet vart rykt opp til Gud, til hans kongsstol.

6. Men kvinna rømde ut i øydemarka, til ein stad som Gud har laga til for henne; der skulle ho få mat og det ho elles trong i 1260 dagar.

7. Då braut det ut krig i himmelen: Mikael og englane hans gjekk til strid mot draken. Draken stridde saman med englane sine;

8. men dei vart slegne, og det fanst ikkje lenger rom for dei i himmelen.

9. Den store draken vart styrta, det er den gamle ormen, han som vert kalla djevelen og Satan, og som forfører heile verda. Han vart kasta ned på jorda og englane hans saman med han.

10. Og eg høyrde ei høg røyst i himmelen som sa: «Frå no av høyrer sigeren og makta og riket vår Gud til, og den han har salva, har herredømet. For klagaren er kasta, han som dag og natt førte klagemål mot brørne våre for vår Gud.

11. Dei har vunne over han i kraft av Lammets blod og det ordet dei vitna om; dei hadde ikkje livet for kjært til å gå i døden.

12. Difor skal de jubla, de himlar og de som bur i dei! Men arme jord og hav! For djevelen har kome ned til dykk, og vreiden hans er stor, av di han veit at han har berre ei stutt tid att.»

13. Då draken såg at han var kasta ned på jorda, forfylgde han kvinna som hadde født gutebarnet.

14. Men ho fekk dei to vengene til den store ørna, så ho kunne flyga ut til staden sin i øydemarka og få mat og det ho elles trong i ei tid og to tider og ei halv tid, langt borte frå ormen.

15. Ut or gapet sitt spruta ormen vatn som ei elv etter kvinna, og ville riva henne bort i straumen.

16. Men jorda kom kvinna til hjelp. Ho opna munnen sin og svelgde elva som draken hadde sendt ut or gapet.

17. Draken vart harm på kvinna og drog av stad og ville føra krig mot dei andre i ætta hennar, mot dei som rettar seg etter Guds bod og held fast på vitnemålet om Jesus.

18. Og han vart ståande på stranda ved havet.