Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes' Openberring 8 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Det sjuande seglet

1. Då Lammet braut det sjuande seglet, vart det stilt i himmelen om lag ein halv time.

Dei sju basunane

Røykjelse og eld

2. Og eg såg dei sju englane som står for Guds åsyn, og det vart gjeve dei sju basunar.

3. Ein annan engel, som hadde eit røykjelsefat av gull, kom og stod ved altaret. Og det vart gjeve han ei mengd røykjelse, som han skulle leggja til bønene frå alle dei heilage på det gullaltaret som var framfor kongsstolen.

4. Og frå engelens hand steig det opp for Guds åsyn ei sky av røykjelse saman med bønene åt dei heilage.

5. Så tok engelen røykjelsefatet, fylte det med eld frå altaret og kasta han på jorda. Då kom det torebrak og drønn, lyn og jordskjelv.

6. Dei sju englane med dei sju basunane budde seg no til å blåsa.

Dei fire fyrste basunane

7. Den fyrste engelen bles i basun. Då kom det hagl og eld, blanda med blod, og det vart kasta ned på jorda. Tredjeparten av jorda gjekk opp i logar, og tredjeparten av trea brann opp saman med alt det grøne graset.

8. Den andre engelen bles i basun. Då vart noko som likna eit stort, brennande fjell kasta i havet. Tredjeparten av havet vart til blod,

9. og tredjeparten av alle levande skapningar i havet døydde, og tredjeparten av skipa gjekk under.

10. Den tredje engelen bles i basun. Då fall ei stor stjerne frå himmelen, logande som ein fakkel; og ho fall på tredjeparten av elvane og på vasskjeldene.

11. Namnet på stjerna er Malurt, og tredjeparten av vatnet vart til malurt; og mange menneske døydde av vatnet fordi det hadde vorte giftig.

12. Den fjerde engelen bles i basun. Då vart tredjeparten av sola og av månen og av stjernene råka, så tredjeparten av dei vart mørk; dagen miste tredjeparten av ljoset sitt, og natta like eins.

13. Då såg eg ei ørn, som flaug høgt oppe under himmelkvelven, og eg høyrde henne ropa med høg røyst: «Ve, ve, ve over dei som bur på jorda, når dei tre siste englane lèt basunane sine lyda.»