Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes' Openberring 10 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Engelen med den vesle boka

1. Eg såg ein annan, mektig engel stiga ned frå himmelen. Han var kledd i ei sky og hadde regnbogen om hovudet; andletet var som sola og føtene som eldsøyler.

2. I handa hadde han ei lita, opna bok. Han sette den høgre foten på havet og den venstre på jorda

3. og ropa med kraftig røyst som ei brølande løve. Då han hadde ropa, ljoma røystene frå dei sju torene.

4. Etter at dei hadde tala, ville eg til å skriva; men eg høyrde ei røyst frå himmelen som sa: «Set segl for det som dei sju torene har sagt, skriv det ikkje opp!»

5. Og engelen som eg hadde sett stå på havet og på jorda, lyfte den høgre handa mot himmelen

6. og svor ved han som lever i all æve, han som skapte himmelen og jorda og havet og alt som finst der: «Tida er ute.

7. Men når den sjuande engelen lèt basunen lyda, i dei dagane skal Guds løynlege plan vera fullført, så som han kunngjorde for tenarane sine, profetane.»

8. Den røysta eg hadde høyrt frå himmelen, tala atter til meg: «Gå bort og få den opne boka frå engelens hand, han som står på havet og på jorda.»

9. Då gjekk eg bort til engelen og sa til han: «Gjev meg den vesle boka.» Han sa til meg: «Ta og et henne! Ho skal vera beisk i magen din, men søt som honning i munnen.»

10. Så tok eg den vesle boka or handa på engelen og åt henne, og i munnen smaka ho søtt som honning; men då eg hadde svelgt henne, kjende eg at det sveid i magen.

11. Då vart det sagt til meg: «Endå ein gong skal du tala profetord mot folk og folkeslag og tungemål, og mot mange kongar.»