Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes' Openberring 1 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Dette er Jesu Kristi openberring, som Gud gav han for at han skulle visa tenarane sine det som snart skal henda. Han sende engelen sin og kunngjorde det for tenaren sin, Johannes.

2. Han er det som her vitnar og ber fram Guds ord og Jesu Kristi vitnemål, alt det han har sett.

3. Sæl er den som les orda i denne profetien, og dei som høyrer dei og held fast på det som der står skrive! For tida er nær.

Helsing

4. Johannes helsar dei sju kyrkjelydane i provinsen Asia: Nåde vere med dykk og fred frå han som er og som var og som kjem, og frå dei sju åndene som står framfor hans kongsstol,

5. og frå Jesus Kristus, det truverdige vitnet, den fyrstefødde av dei døde og herren over kongane på jorda. Han som elskar oss og har fria oss frå syndene våre med sitt blod,

6. og har gjort oss til eit kongerike, til prestar for Gud, sin Far, han skal ha æra og makta i all æve. Amen.

7. Sjå, han kjem med skyene! Kvart auga skal sjå han, også dei som har gjennomstunge han, og alle folk på jorda skal gråta sårt over han. Ja, sanneleg, amen!

8. Eg er Alfa og Omega, seier Gud Herren, han som er og som var og som kjem, Den Allmektige.

Menneskesonen openberrar seg

9. Eg, Johannes, som er bror dykkar, og har del med dykk i trengsla og riket og vona i Jesus, eg var på øya Patmos. Dit var eg komen på grunn av Guds ord og vitnemålet om Jesus.

10. På Herrens dag kom Anden over meg, og eg høyrde ei sterk røyst bak meg, med klang som ein basun.

11. Ho sa: «Det du får sjå, skal du skriva i ei bok og senda til dei sju kyrkjelydane: til Efesos, Smyrna, Pergamon, Tyatira, Sardes, Filadelfia og Laodikea.»

12. Eg snudde meg og ville sjå kven det var som tala til meg. Då såg eg sju ljosestakar av gull,

13. og midt imellom ljosestakane ein som var lik ein menneskeson, kledd i fotsid kappe og med eit gullbelte under bringa.

14. Hovudet og håret hans var kvitt som kvit ull eller som snø, og augo som logande eld,

15. føtene var som bronse, glødd i omnen, og røysta lydde som bruset av veldige vassmengder.

16. I si høgre hand hadde han sju stjerner, og or munnen hans gjekk det ut eit kvast, tvieggja sverd. Andletet var som sola når ho skin i all si kraft.

17. Då eg såg han, fall eg ned for føtene hans som eg var død. Men han la høgre handa si på meg og sa:Ver ikkje redd! Eg er den fyrste og den siste

18. og den levande. Eg var død, men sjå, eg lever i all æve og har nyklane til døden og dødsriket.

19. Skriv opp det du har sett, det som no er og det som heretter skal koma.

20. Dette er løyndomen med dei sju stjernene som du såg i mi høgre hand, og dei sju ljosestakane av gull: Dei sju stjernene er englane for dei sju kyrkjelydane, og dei sju ljosestakane er kyrkjelydane.