Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes' Openberring 5 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Boka med sju segl

1. Eg såg at han som sat på kongsstolen, hadde ein bokrull i høgre handa. Det var skrive på rullen, både inni og utanpå, og han var forsegla med sju segl.

2. Då såg eg ein mektig engel, som ropa med høg røyst: «Kven er verdig til å opna boka og bryta segla på henne?»

3. Men korkje i himmelen eller på jorda eller under jorda var det nokon som kunne opna boka eller sjå i henne.

4. Då gret eg sårt, fordi ingen vart funnen verdig til å opna boka eller sjå i henne.

5. Men ein av dei eldste sa til meg: «Gråt ikkje! For løva av Juda ætt, Davids rotrenning, han har sigra og kan opna boka med dei sju segla.»

6. Og eg såg eit lam: Det stod midt i krinsen, mellom kongsstolen og dei fire skapningane og dei eldste, og Lammet såg ut som det var slakta. Det hadde sju horn og sju augo, og augo er dei sju Guds ånder som er utsende over heile jorda.

7. Lammet kom bort til han som sat på kongsstolen, og tok imot boka frå hans høgre hand.

8. Då det tok boka, fall dei fire skapningane og dei tjuefire eldste ned for Lammet. Dei hadde kvar si harpe og gullskåler fulle av røykjelse, det er bønene åt dei heilage.

9. Og dei song ein ny song:Verdig er du til å ta imot bokaog bryta segla på henne.For du vart slaktaog har med ditt blod frikjøpt ¬for Gudmenneske av alle ætter ¬og tungemål,av alle folk og folkeslag.

10. Du har gjort dei ¬til eit kongerike,til prestar for vår Gud,og dei skal råda på jorda.

11. I synet mitt høyrde eg røysta av dei mange englane som stod kring kongsstolen og dei fire skapningane og dei eldste – dei var titusen på titusen og tusen på tusen.

12. Dei ropa med høg røyst:Verdig er Lammet ¬som vart slakta,verdig til å få all makt ¬og rikdom, visdom og styrke,ære og pris og takk.

13. Og kvar skapning i himmelen og på jorda og under jorda og på havet, ja, alt som der finst, høyrde eg seia:Han som sit på kongsstolen,han og Lammet ¬skal ha all takk og ære,pris og makt i all æve.

14. Dei fire skapningane svara: Amen. Og dei eldste kasta seg ned og tilbad.