Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes' Openberring 16 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Så høyrde eg ei høg røyst frå templet som sa til dei sju englane: «Gå av stad og tøm dei sju skålene med Guds vreide ut over jorda!»

2. Då gjekk den fyrste og tømde si skål ut over jorda. Og vonde, farlege svullar braut ut på dei menneska som bar merket åt dyret, og som tilbad biletet av dyret.

3. Den andre engelen tømde si skål i havet, og det vart til blod som av ein død, og alt liv i havet døydde.

4. Den tredje engelen tømde si skål i elvane og kjeldene, og dei vart til blod.

5. Og eg høyrde engelen over vatnet seia: «Rettferdig er du som dømer slik, du som er og som var, du heilage.

6. For dei har rent ut blod frå heilage menn og profetar, og du har gjeve dei blod å drikka. Det har dei fortent.»

7. Og eg høyrde altaret seia: «Ja, Herre Gud, du Allmektige, sanne og rettferdige er dine domar.»

8. Den fjerde engelen tømde si skål ut over sola. Då fekk ho makt til å svi menneska med eld,

9. og menneska vart brende i sterk hete. Likevel spotta dei Guds namn, han som har makt over desse plagene, og dei vende ikkje om og gav Gud ære.

10. Den femte engelen tømde si skål ut over kongsstolen åt dyret. Då vart riket til dyret lagt i mørker, og folk beit seg i tunga av pinsle.

11. Men pinslene og svullane deira gjorde at dei spotta Gud i himmelen, og dei vende ikkje om frå sine gjerningar.

12. Den sjette engelen tømde si skål i den store elva Eufrat. Då turka vatnet i elva bort, så det kunne rydjast veg for kongane frå Austerland.

13. Og eg såg at det kom tre ureine ånder or gapet på draken og or gapet på dyret og or munnen på den falske profeten; dei likna froskar.

14. Dette er djevleånder som gjer under og teikn, og dei går ut til kongane i heile verda og vil samla dei til krigen på den store dagen åt Gud, Den Allmektige. –

15. «Sjå, eg kjem som ein tjuv. Sæl er den som vaker og som vaktar kleda sine, så han ikkje må gå naken og visa si skam.» –

16. Og dei samla kongane på den staden som på hebraisk heiter Harmageddon.

17. Den sjuande engelen tømde si skål i lufta. Då høyrdest det frå kongsstolen i templet ei veldig røyst som sa: «Det har hendt!»

18. Og det kom lyn og drønn og torebrak, og eit jordskjelv som det ikkje har vore maken til så lenge det har levt menneske på jorda – så kraftig var det.

19. Den store byen vart kløyvd i tre delar, og byane til folka vart lagde i grus. Gud kom i hug det store Babylon, og det laut ta imot staupet med hans harme- og vreidevin.

20. Kvar øy vart borte, og fjella fanst ikkje meir.

21. Svære hagl på hundre pund fall ned frå himmelen over menneska. Men dei spotta Gud for den plaga som haglet var, for plaga var fælsleg.