Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Korintar 7 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Mine kjære, når vi har desse lovnadene, så lat oss reinsa oss frå all ureinskap på lekam og sjel og fullføra vår helging i age for Gud.

Glede over at kyrkjelyden angrar

2. Gjev oss rom i hjarto dykkar! Ingen har vi gjort urett, ingen har vi øydelagt, ingen har vi gått for nær.

3. Eg seier ikkje dette for å døma dykk. Eg har då alt sagt at de er i hjarto våre; vi høyrer saman i liv og død.

4. Stor er mi tiltru til dykk, og storleg rosar eg meg av dykk. Eg har vorte rikeleg trøysta og er fylt av glede midt i alle trengsler.

5. Då vi kom til Makedonia, vart det heller ikkje lettare for oss. Vi møtte berre vanskar; det var strid ikring oss og angst i oss.

6. Men Gud som trøystar dei nedbøygde, gav oss nytt mot då Titus kom,

7. ikkje berre med at han kom, men òg fordi han hadde fått nytt mot hjå dykk. Han fortalde korleis de lengta og trega, og kor heilhuga de no står saman med meg. Dette gledde meg endå meir.

8. Om eg gjorde dykk sorg med brevet mitt, så angrar eg ikkje på at eg skreiv det. Ei stund angra eg nok på det, for eg veit at brevet gjorde dykk sorgfulle med det same.

9. Men no er eg berre glad, ikkje fordi eg gjorde dykk sorg, men fordi sorga dreiv dykk til omvending. For dette var ei sorg etter Guds vilje; difor har vi ikkje gjort dykk nokon skade.

10. For sorg som er etter Guds vilje, fører til omvending og frelse, som ingen angrar. Men verdsens sorg fører til død.

11. For sjå, det at de fekk sorg etter Guds vilje, kor stor ihuge skapte ikkje det, ja, otte, harme og forsvar, lengting, alvor og vilje til å straffa. På alle måtar har de synt at de er utan skuld i denne saka.

12. Då eg skreiv til dykk, var det ikkje for hans skuld som hadde gjort urett, heller ikkje for hans skuld som hadde lide urett. Eg skreiv for at det skulle verta klårt for dykk for Guds åsyn at de vil stå saman med meg.

13. Alt dette gav oss nytt mot. Og ei endå større glede var det å sjå kor glad Titus var. De har alle vore med og gjort han roleg i hugen.

14. Så når eg har rosa dykk for han, har eg ikkje vorte til skammar. Men liksom eg alltid har tala sant til dykk, så har våre rosande ord til Titus òg vist seg å vera sanning.

15. Hjarta hans slår endå varmare for dykk no når han tenkjer på kor lydige de alle var, korleis de tok imot han med otte og age.

16. Eg gleder meg over at eg i eitt og alt kan lita på dykk.