Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Korintar 4 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Skatten i leirkar

1. Difor misser vi ikkje motet; for ved Guds miskunn har vi fått denne tenesta.

2. Vi har sagt frå oss all løynleg og skamleg ferd; vi fer ikkje med knep og forfalskar ikkje Guds ord. Klårt og liketil forkynner vi sanninga, og for Guds åsyn byd vi oss sjølve fram med di vi vender oss til kvar manns samvit.

3. Er då vårt evangelium dult, så er det dult for dei som går fortapt.

4. For denne verdsens gud har blinda hugen åt dei vantruande, så dei ikkje ser ljoset som strålar fram frå evangeliet om Kristi herlegdom, han som er Guds bilete.

5. Vi forkynner ikkje oss sjølve, vi forkynner Jesus Kristus som Herre og oss som dykkar tenarar for Jesu skuld.

6. For Gud, som sa at ljos skulle skina i mørkret, han har late det skina i våre hjarto, så kunnskapen om Guds herlegdom, som strålar i Kristi åsyn, skal lysa fram.

7. Men vi har denne skatten i leirkar, så den veldige krafta skal vera av Gud og ikkje av oss.

8. Vi er alltid i trengsle, men ikkje i stengsle, tvilrådige, men ikkje fortvila,

9. forfylgde, men ikkje oppgjevne, nedslegne, men ikkje tynte.

10. Alltid ber vi Jesu død med oss i lekamen, så òg Jesu liv skal verta openberra ved vår lekam.

11. For enno medan vi lever, vert vi stadig overgjevne til døden for Jesu skuld, så òg Jesu liv skal verta openberra ved vår døyelege lekam.

12. Såleis er døden verksam i oss, men livet i dykk.

13. Det står skrive: Eg trudde, difor tala eg. Så trur vi òg, og vi talar fordi vi har den same Ande som gjev tru.

14. For vi veit at han som reiste opp Herren Jesus, han skal òg reisa oss opp med Jesus og føra oss fram for seg saman med dykk.

15. Men alt dette hender for dykkar skuld, så nåden skal verta stor og få takkseiinga til å stiga opp frå fleire og fleire – til Guds ære.

Tru og von

16. Difor misser vi ikkje motet. Om vårt ytre menneske går til grunne, så vert det indre fornya dag for dag.

17. Dei noverande trengslene er lette, og dei skaper for oss ein evig rikdom på herlegdom som er mykje, mykje større.

18. Vi har ikkje det synlege for augo, men det usynlege. For det synlege er forgjengeleg, det usynlege evig.