Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Korintar 9 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Vilje til å gje

1. No treng eg vel ikkje skriva til dykk om tenesta for dei heilage;

2. for eg veit kor viljuge de er. Her i Makedonia rosar eg dykk og seier at de i Akaia har halde dykk budde sidan i fjor. Og iveren dykkar har sett fart i mange.

3. No sender eg desse brørne til dykk, så det skal syna seg at det ikkje var tome ord vi fór med, når vi rosa dykk for dette, men at de er førebudde, som eg har sagt.

4. Eg vil ikkje at det skal koma nokon frå Makedonia saman med meg og finna dykk ubudde; då fekk vi berre skam av dette tiltaket – for ikkje å snakka om dykk.

5. Difor fann eg det naudsynleg å be brørne fara til dykk føreåt, og i god tid samla inn den gåva som de har lova. Så kan ho liggja ferdig som ei frukt av velsigning og ikkje av tvang.

6. Men det seier eg: Den som sparsamt sår, skal sparsamt hausta, og den som sår med rik hand, skal få ein rik haust.

7. Kvar må gje det han har sett seg føre i hjarta, ikkje med ulyst eller av tvang. For Gud elskar ein glad gjevar.

8. Og Gud er mektig til å gje dykk alle gåver i rikt mål, så de alltid og i alle høve skal ha alt de treng, ja, ha overflod til all god gjerning.

9. For det står skrive:Han strøydde ut ¬og gav til dei fattige,hans rettferd skal alltid vara.

10. Han som gjev «såmannen såkorn og brød til å eta», han skal òg gje dykk såkorn og la det bera rikt, og grøda av dykkar rettferd skal han gjera stor.

11. De skal vera rike på alt, så de gjerne vil gje. Og så skal takkseiinga stiga opp til Gud, når vi ber fram gåva.

12. For denne tenesta, som òg er ei gudsteneste, er ikkje berre ei hjelp til dei heilage i deira naud; ho skal òg syna kor rik ho er ved at mange takkar Gud.

13. Når de har fullført tenesta og stått prøva, vil dei lova Gud fordi de var lydige og vedkjendest dykkar tru på Kristi evangelium, og fordi de var viljuge til å dela med dei og alle dei andre.

14. Og dei vil be for dykk og lengta etter dykk fordi Gud har gjeve dykk denne rike nåden.

15. Gud vere takk for si useielege gåve!