Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Korintar 11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Paulus og dei falske apostlane

1. Gjev de ville tola eit grann dårskap av meg! Ja, de får tola det!

2. For eg brenn av omsut for dykk, som Gud sjølv. Eg har trulova dykk med Kristus, og berre med han, så eg kan føra dykk fram for han som ei rein møy.

3. Men eg er redd at liksom ormen dåra Eva med sine svikråder, såleis skal òg tankane dykkar førast på avvegar, bort frå den ærlege og reine truskapen mot Kristus.

4. For de toler det svært så godt at nokon kjem og forkynner ein annan Jesus enn den vi har forkynt, eller at de får ei anna ånd enn den de har fått, eller eit anna evangelium enn det de har teke imot.

5. Men eg meiner at eg ikkje på nokon måte er mindre enn desse overapostlane.

6. Om eg er ulærd i talekunst, er eg det ikkje i kunnskap, og den har eg alltid og i alle stykke lagt fram for dykk.

7. Gjorde eg kanskje ei synd då eg forkynte dykk Guds evangelium for inkje og med det audmykte meg sjølv, så de kunne verta opphøgde?

8. Andre kyrkjelydar har eg nærast plyndra, og eg tok løn av dei så eg kunne gjera teneste hjå dykk.

9. Då eg var hjå dykk, vart eg ikkje til bør for nokon av dykk når eg trong om noko; for brørne som kom frå Makedonia, gav meg det eg vanta. Alltid la eg vinn på å greia meg utan dykkar hjelp, og det skal eg gjera heretter òg.

10. Så visst som Kristi sanning bur i meg, denne ros skal ingen i Akaia ta frå meg!

11. Kvifor? Fordi eg ikkje elskar dykk? Det veit Gud at eg gjer.

12. Men det eg har gjort, det vil eg òg gjera heretter. For det finst nokre som gjerne vil ha eit høve til å skryta av at dei er som eg, men det høvet skal eg ta frå dei.

13. Desse er falske apostlar, trulause arbeidarar, som gjev seg ut for å vera Kristi apostlar.

14. Og det er ikkje å undrast på; for Satan sjølv skaper seg om til ein ljosengel.

15. Og då er det ikkje merkeleg at tenarane hans skaper seg om til tenarar for rettferda. Men deira endelykt skal svara til deira gjerningar.

Paulus lyt lida fordi han er apostel

16. Atter seier eg: Ingen må tru at eg er frå sans og samling. Men om de gjer det, får de likevel høyra på meg som om eg hadde mist vitet, så eg òg kan rosa meg litt.

17. For det eg seier når eg no rosar meg, det seier eg ikkje som ein Herrens tenar, men i eit slag vanvit.

18. Men sidan det er så mange som gjer seg til av sine menneskelege føremoner, vil eg òg gjera det.

19. De som er så kloke, toler vel folk som har mist vitet.

20. For de toler då at dei gjer dykk til trælar, at dei syg dykk ut og fangar dykk, ser ned på dykk og slår dykk i andletet.

21. Med skam må eg vedgå at vi i så måte har vore altfor veike. Men det som dei andre vågar – eg talar som i vitløyse – det kan vel eg òg våga.

22. Er dei hebrearar? Eg òg. Er dei israelittar? Eg òg. Er dei av Abrahams ætt? Eg òg.

23. Er dei Kristi tenarar? Eg talar som ein vitlaus mann: Eg er det endå meir. Eg har hatt større strev, fått fleire slag, vore oftare i fengsel, mang ein gong i dødsfare.

24. Av jødane har eg fem gonger fått dei førti slaga på eitt nær.

25. Tre gonger vart eg piska, ein gong steina, tre gonger leid eg skipbrot, og ein gong dreiv eg eit heilt døger ikring på havet.

26. Ofte var eg på ferder, i fare på elvar, i fare mellom røvarar, i fare mellom landsmenn, i fare mellom utlendingar, i fare i byar, i fare i øydemark, i fare på hav, i fare mellom falske brør,

27. i slit og strev, ofte i nattevòke, i svolt og torste, ofte fastande og utan klede i kulden.

28. Attåt alt det andre har eg det som dagleg ligg på meg, omsuta for alle kyrkjelydane.

29. Kven er veik utan at eg òg vert veik? Kven fell utan at det brenn i meg?

30. Om eg endeleg skal rosa meg, vil eg rosa meg av mi vanmakt.

31. Gud og vår Herre Jesu Far som er høglova i all æve, han veit at eg ikkje lyg!

32. I Damaskus sette landshovdingen til kong Aretas ut vakter fordi han ville gripa meg.

33. Men eg vart firt ned i ei korg frå ei luke i bymuren og slapp ut or hendene hans.