Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Korintar 5 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. For vi veit at om vår lekams jordiske hus vert nedrive, så har vi i himmelen ein bygning som er av Gud, eit evig hus som ikkje er gjort med hender.

2. Medan vi er her, sukkar og lengtar vi etter å verta overkledde med vår bustad frå himmelen.

3. For når vi er kledde i den, skal vi ikkje verta ståande nakne.

4. Så lenge vi er i vårt jordiske telt, sukkar vi under børa. For vi vil ikkje verta avkledde, men overkledde, så det døyelege kan verta gløypt av livet.

5. Den som har gjort oss budde til dette, er Gud, som har gjeve oss Anden til pant.

6. Difor er vi alltid frimodige, endå vi veit at så lenge vi er heime i lekamen, er vi borte frå Herren.

7. For vi ferdast i tru, ikkje i syn.

8. Men vi er ved godt mot og vil heller flytta bort frå lekamen og heim til Herren.

9. Difor, anten vi er heime eller borte, set vi vår ære i å vera han til hugnad.

10. For vi skal alle fram for Kristi domstol, så kvar kan få att for det han har gjort medan han var i lekamen, anten godt eller vondt.

Forsoningstenesta

11. Fordi vi kjenner otten for Herren, prøver vi å vinna menneske, medan livet vårt ligg ope for Gud. Eg vonar òg at det ligg ope for dykkar samvit.

12. Vi kjem ikkje atter til dykk med lovord om oss sjølve, men vi gjev dykk høve til å rosa dykk av oss, så de kan ha noko å svara dei som skryter av det dei er i det ytre og ikkje i hjarta.

13. For har vi vore frå vitet, så var det for Gud. Og er vi med sans og samling, så er det for dykk.

14. For Kristi kjærleik tvingar oss. Vi veit at éin døydde for alle, difor har dei alle døytt.

15. Og han døydde for alle, så dei som lever, ikkje lenger skal leva for seg sjølve, men for han som døydde og stod opp for dei.

16. Så kjenner vi ikkje lenger nokon på reint menneskeleg vis. Og har vi kjent Kristus på den måten, så kjenner vi han ikkje såleis no lenger.

17. Difor, om nokon er i Kristus, er han ein ny skapning. Det gamle er borte, sjå, det er kome noko nytt.

18. Men alt dette er av Gud, han som forsona oss med seg sjølv ved Kristus og gav oss forsoningstenesta.

19. Det var Gud som i Kristus forsona verda med seg sjølv, så han ikkje tilreknar dei misgjerningane deira, og han har overgjeve oss ordet om forsoninga.

20. Så er vi då sendebod for Kristus, og det er som om Gud sjølv formanar gjennom oss: Vi bed i staden for Kristus, lat dykk forsona med Gud!

21. Han som ikkje visste av synd, har han gjort til synd for oss, så vi skal verta rettferdige for Gud i han.