Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Korintar 12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Syner og openberringar

1. Eg må rosa meg, endå det ikkje tener til noko. Og no kjem eg til syner og openberringar eg har fått frå Herren.

2. Eg veit om eit menneske i Kristus, ein som for fjorten år sidan vart rykt inn i den tredje himmel – om han var i lekamen eller utanfor lekamen, veit eg ikkje, Gud veit det.

3. Og eg veit at denne mannen vart rykt inn i Paradis – om han var i lekamen eller utanfor lekamen, veit eg ikkje, Gud veit det –

4. og der fekk han høyra useielege ord, som eit menneske ikkje har lov til å tala.

5. Denne mannen vil eg rosa meg av, men av meg sjølv vil eg ikkje rosa meg, utan av mi vanmakt.

6. Men om eg ville rosa meg, så var eg ikkje frå vitet, for eg kom til å seia sanninga. Men eg lèt det vera, for eg vil ikkje at nokon skal gjera seg større tankar om meg enn dei han får når han ser og høyrer meg.

7. Og for at eg ikkje skal gjera meg stor av dei høge openberringane, har eg fått ein torn i kroppen, ein Satans engel som skal slå meg, så eg ikkje skal verta hovmodig.

8. Om denne bad eg Herren tre gonger at han måtte vika frå meg.

9. Men Herren sa til meg: «Min nåde er nok for deg, for mi kraft vert fullenda i vanmakt.» Difor vil eg helst rosa meg av mi vanmakt, så Kristi kraft kan bu i meg.

10. Og difor er eg, for Kristi skuld, ved godt mot i vanmakt, i hard medferd, i naud, i forfylging, i trengsler. For når eg er veik, då er eg sterk.

Uro føre ei ny vitjing i Korint

11. Så har eg då vore heilt ifrå meg! De har tvinga meg til det, eg som skulle ha fått lovord av dykk. For ikkje på nokon måte er eg mindre enn desse overapostlane, endå eg ingenting er.

12. Dei teikn som er kjennemerke på ein apostel, har eg med stort tolmod gjort mellom dykk: teikn, under og mektige gjerningar.

13. Vart de sette lågare enn dei andre kyrkjelydane? Det måtte då vera at eg ikkje har vore til tyngsle for dykk. Tilgjev meg den uretten!

14. No er det tredje gongen eg står budd og skal fara til dykk. Eg skal ikkje vera til bør for dykk; for det er ikkje det de eig, eg er ute etter, men dykk sjølve. Det er då ikkje borna som skal samla rikdom til foreldra, men foreldra til borna.

15. Men eg vil gjerne ofra alt, ja, sjølv verta ofra for dykkar skuld. Skal eg då verta mindre elska, fordi eg elskar dykk meir?

16. Det kan så vera, seier somme, at eg ikkje har vore til tyngsle for dykk, men eg er slu og har vunne dykk med list.

17. Sende eg nokon til dykk for eiga vinning skuld?

18. Eg bad Titus reisa og sende ein annan bror med han. Har Titus utnytta dykk? Har ikkje vi fare fram i den same ånd, han og eg, og gått i dei same fotefar?

19. De har visst lenge tenkt at vi forsvarar oss for dykk. Men det er for Guds andlet vi talar, i Kristus. Og alt dette er sagt, så de, mine kjære, skal verta oppbygde.

20. For eg er redd at eg ikkje skal finna dykk slik som eg vil, når eg kjem, og at de ikkje skal finna meg slik de vil. Eg er redd eg skal finna strid, misunning, sinne, sjølvhevding, baktale, sladder, hovmod og rot.

21. Ja, eg er redd min Gud atter skal audmykja meg mellom dykk, når eg kjem og må syrgja over mange, fordi dei har synda og ikkje angra all ureinskapen, horinga og lauslivnaden.