Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Korintar 10 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Paulus forsvarar aposteltenesta si

1. Eg, Paulus, som er så spak når eg står andlet til andlet med dykk, men så modig når eg er borte, eg påminner dykk med Kristi spaklynde og mildskap.

2. Eg bed dykk at eg må få sleppa å visa kor modig eg er når eg no kjem til dykk! For eg skal syna kor fast og djerv eg er mot dei som seier at vi lèt oss driva av reint menneskelege motiv!

3. Om vi ferdast på menneskevis, så strider vi ikkje på menneskevis.

4. For våre stridsvåpen er ikkje jordiske, men Guds kraft er verksam i dei, så vi kan leggja festningar i grus. Vi riv ned tankebygningar

5. og alt stort og stolt som reiser seg mot kunnskapen om Gud, og tek kvar tanke til fange i lydnad mot Kristus.

6. Vi er budde til å straffa all ulydnad, så snart de har nått fram til full lydnad.

7. Sjå på det som ligg ope i dagen! Om nokon er viss på at han høyrer Kristus til, bør han tenkja seg om ein gong til og skjøna at det gjer vi òg, ikkje berre han.

8. Eg òg kunne rosa meg av den fullmakt Herren har gjeve oss til å byggja opp, men ikkje til å riva ned hjå dykk. Eg ville i så fall få rett,

9. og det skulle verta klårt at det ikkje er berre for å skræma dykk at eg skriv desse breva.

10. «For breva,» seier somme, «er myndige og strenge, men når han sjølv kjem, er han spak, og det han seier, er lite å bry seg om.»

11. Den som meiner det, han skal merka seg dette: Det er ingen skilnad på det eg gjer når eg er hjå dykk, og det eg seier i breva mine når eg er borte.

12. Vi vågar ikkje å rekna oss til dei som gjev seg sjølve lovord. Vi samanliknar oss ikkje med dei. Når dei mæler seg med seg sjølve og samanliknar seg med seg sjølve, syner det berre kor uvituge dei er.

13. Men vi vil ikkje rosa oss utan mål eller måte. Vi held oss til det mål som Gud sjølv har sett for oss: at vi i arbeidet vårt har nått fram til dykk òg.

14. Vi tøyer oss ikkje lenger enn rett er. Det hadde vi gjort om vi ikkje hadde nått fram til dykk. Men vi er då komne så langt som til dykk med Kristi evangelium.

15. Vi går ikkje for langt når vi rosar oss, og tek ikkje æra for det arbeidet andre har gjort. Men vi har den von at trua dykkar skal veksa, så vi får endå større framgang hjå dykk, etter det mål som er sett for oss.

16. Då kan vi òg forkynna evangeliet bortanfor dykkar grenser, utan å ta æra for arbeid som alt er gjort av andre, og utan å bruka det mål som er sett for dei.

17. For «den som rosar seg, skal rosa seg av Herren».

18. Ikkje den som gjev seg sjølv lovord, held prøva, men den som Herren gjev lovord.