Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Korintar 2 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Forlik og tilgjeving

1. Eg hadde sett meg føre at eg ikkje ville koma til dykk og valda dykk sorg ein gong til.

2. For om eg valdar dykk sorg, då gjer eg nett dei sorgfulle som kunne gjera meg glad.

3. Og just difor var det eg skreiv. Eg ville ikkje koma og få sorg av dei som skulle gjera meg glad. Og eg har den tiltru til dykk alle at mi glede er dykkar glede.

4. I stor naud og med angst i hjarta skreiv eg til dykk, og mange tårer felte eg. Det var ikkje for å gjera dykk sorgfulle eg skreiv, men for at de skulle skjøna kor glad eg er i dykk.

5. Sant nok, det er ein som har valda sorg. Likevel er det ikkje meg han har gjort sorg, men dykk alle – meir eller mindre, for ikkje å seia for mykje.

6. Men den mannen har fått straff nok i og med det som dei fleste la på han.

7. No må de heller tilgje og trøysta han, så han ikkje skal gå under i endå tyngre sorg.

8. Difor bed eg dykk at de må møta han med kjærleik.

9. Dette var òg grunnen til at eg skreiv. Eg ville vita om de held mål og er lydige i alt.

10. Den som de tilgjev, han tilgjev eg òg. Ja, om eg i det heile har noko å tilgje, så har eg for Kristi åsyn tilgjeve det for dykkar skuld,

11. så vi ikkje skal verta dåra av Satan. For vi veit kva han vil.

Alltid på sigersferd

12. Då eg kom til Troas og skulle forkynna Kristi evangelium, fann eg ei open dør i arbeidet mitt for Herren.

13. Men eg var uroleg fordi eg ikkje fann Titus, bror min. Difor bad eg farvel med dei og fór til Makedonia.

14. Men Gud vere takk, som alltid fører oss fram på sigersferd i Kristus og ved oss spreier kunnskapen om seg som ein ange på kvar stad.

15. For vi er Kristi gode ange for Gud, mellom dei som vert frelste, og mellom dei som går fortapt;

16. for dei som går fortapt, ein ange av død til død, for dei som vert frelste, ein ange av liv til liv.Kven er vel dugande til dette?

17. Vi er i alle fall ikkje lik dei mange som forfalskar Guds ord og driv handel med det. Men med rein hug, sende av Gud og for Guds åsyn talar vi i Kristus.