Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40
  41. 41
  42. 42
  43. 43
  44. 44
  45. 45
  46. 46
  47. 47
  48. 48
  49. 49
  50. 50
  51. 51
  52. 52
  53. 53
  54. 54
  55. 55
  56. 56
  57. 57
  58. 58
  59. 59
  60. 60
  61. 61
  62. 62
  63. 63
  64. 64
  65. 65
  66. 66

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jesaja 46 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Herren er alltid den same

1. Bel sig saman, ¬og Nebo fell.Deira bilete vert lagde ¬på lastdyr og fe.Dei som før vart borne ¬av dykk,ligg no som ei bør ¬på trøytte dyr.

2. Dei sig og stuper, alle saman,dei kan ikkje berga ¬dei som ber dei,men må sjølve fara or landet.

3. Høyr på meg, du Jakobs ætt,alle som er att av Israels hus,de som er borne frå mors livog lyfte på hender ¬frå mors fang:

4. Alt til dykkar alderdom ¬er eg den same,til de grånar i håret, ¬skal eg bera dykk.Det har eg gjort, ¬og det skal eg gjera,ja, eg skal bera og berga dykk.

5. Kven vil de setja opp mot megog likna meg med?Kven vil de halda ¬for jamliken min?

6. Somme auser ut gull or pungenog veg opp sølv på vekt.Dei leiger ein gullsmed ¬som lagar ein gud;så bøyer dei seg ned ¬og tilbed han.

7. Dei tek han på aksla, ¬ber han bortog set han på plass.Så står han derog rører seg ikkje av flekken.Ropar dei til han, ¬svarar han ikkje,han bergar dei ikkje or naud.

8. Tenk på dette og ver faste,ta det til hjarta, de svikarar!

9. Tenk på det som hende før,heilt ifrå eldgamal tid!For eg er Gud, og ingen annan,eg er Gud, ¬og det finst ingen som eg.

10. Eg kunngjer frå opphavet ¬dei siste ting,varslar føreåt ¬det som skal henda.Eg seier: «Den plan eg har lagt, ¬står fast,og alt eg vil, det gjer eg.»

11. Eg kallar hit ein rovfugl ¬frå aust;frå eit land langt borte ¬kallar eg han,den mannen ¬som set min plan i verk.Eg har tala og lèt det koma,eg har tenkt det ¬og lèt det henda.

12. Høyr på meg, ¬de stridlyndte menn,de som er så langt frå rettferd.

13. Eg fører hit mi rettferd,ho er ikkje langt borte,mi frelse dryer ikkje.Så gjev eg frelse på Sionog lèt Israel ¬få sjå min herlegdom.