Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40
  41. 41
  42. 42
  43. 43
  44. 44
  45. 45
  46. 46
  47. 47
  48. 48
  49. 49
  50. 50
  51. 51
  52. 52
  53. 53
  54. 54
  55. 55
  56. 56
  57. 57
  58. 58
  59. 59
  60. 60
  61. 61
  62. 62
  63. 63
  64. 64
  65. 65
  66. 66

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jesaja 19 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Herrens dom over Egypt

1. Domsord mot Egypt. Sjå, Herren fer fram ¬på lette skyog kjem til Egypt.Egyptargudane skjelv for han,og motet kverv hjå egyptarane.

2. Eg eggjar egyptar mot egyptar,så dei strider, kvar mot ¬sin bror,mann mot mann og by mot by,og kongerike mot kongerike.

3. Egyptarane går frå sans ¬og samling,eg skiplar deira planar.Då vender dei seg ¬til gudar og trollmenn,til gjengangarar ¬og spådomsånder.

4. Men eg vil gje egyptaranei ein hardstyrars vald og makt;ein mektig konge ¬skal rå over dei,lyder ordet frå Herren, ¬Allhærs Herre.

5. Då turkar vatnet i Nilen bort,elva vert tom og turr.

6. Elvefara ligg og tevjar,Nilens armar minkar ¬og turkar ut,røyr og sev svartnar og visnar.

7. Graset som veks ¬frammed Nilen,og alt som er sått langs elva,turkar, fyk bort og kverv.

8. Fiskarane syrgjer og klagar,alle som kastar krok i Nilen;og dei som set garn i vatnet,misser reint motet.

9. Dei som arbeider med lin, ¬vert til skammar,dei som kardar og vev, ¬bleiknar.

10. Alle vevarane sturer,lønsarbeidarane er ille til mote.

11. Berre dårar ¬er hovdingane i Soan,vismennene åt farao ¬gjev dumme råd.Korleis kan de seia til farao:«Vi er ætta frå vismenn,frå kongar i gamal tid»?

12. Kvar er då vismennene dine?Lat dei fortelja ¬og kunngjera degkva Herren, Allhærs Gud, ¬har sett seg føreå gjera med egyptarane.

13. Dårar er hovdingane i Soan,stormennene i Nof ¬har late seg narra.Ættehovdingane i Egypthar ført folket sitt vilt.

14. I dei har Herren rent utei ånd som gjer ør.Dei har fått egyptarane ¬til å ragakva dei så tek seg føre,som ein drukken ¬ragar om i sitt spy.

15. Ingenting skal lukkast ¬for egyptarane,anten det er hovud eller hale,palmegrein eller sev ¬som gjer det.

16. Den dagen skal egyptarane vera som kvinner. Dei skal skjelva av angst fordi Herren, Allhærs Gud, har lyft si hand og svingar henne over dei.

17. Juda-landet skal verta ei redsle for egyptarane. Så ofte nokon nemner det for dei, skal dei skjelva av angst for den planen Herren, Allhærs Gud, har lagt mot dei.

Når Herren velsignar folka

18. På den tid skal det vera fem byar i Egypt som talar Kanaans tungemål og sver truskap til Herren, Allhærs Gud. Ein av dei skal kallast Ir-Haheres.

19. På den tid skal det vera eit altar for Herren midt i Egypt og ei steinstøtte ved grensa.

20. Det skal vera til teikn og vitnemål for Herren, Allhærs Gud, i Egypt. Når dei ropar til Herren om hjelp mot valdsmenn, skal han senda dei ein bergingsmann og stridsmann, og han skal frelsa dei.

21. Då skal Herren gjera seg kjend for egyptarane; dei skal læra han å kjenna på den tid. Og dei skal dyrka han med slaktoffer og grødeoffer, gje han lovnader og halda dei.

22. Herren skal slå egyptarane – slå, men lækja òg. Dei skal venda om til Herren, og han skal høyra bønene deira og lækja dei.

23. På den tid skal det vera ein jamn veg frå Egypt til Assyria. Assyrarane skal koma til Egypt og egyptarane til Assyria, og saman skal dei tena Herren.

24. På den tid skal Israel – den tredje i lag med Egypt og Assyria – vera ei velsigning midt på jorda.

25. Herren, Allhærs Gud, skal velsigna dei og seia:Velsigna vere Egypt, mitt folk,Assyria, eit verk av mi hand,og Israel, min eigedom!