Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40
  41. 41
  42. 42
  43. 43
  44. 44
  45. 45
  46. 46
  47. 47
  48. 48
  49. 49
  50. 50
  51. 51
  52. 52
  53. 53
  54. 54
  55. 55
  56. 56
  57. 57
  58. 58
  59. 59
  60. 60
  61. 61
  62. 62
  63. 63
  64. 64
  65. 65
  66. 66

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jesaja 26 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Takkesong

1. Den dagen skal dei syngjadenne songen i Juda: Vi har ein sterk by.Murar og festningsvollarer reiste til vern for oss.

2. Lat opp portane,så det kan dra inn,det rettferdige folketsom held fast på sin truskap.

3. Den som er fast i hugen,han lèt du alltid ha fred,for han set si lit til deg.

4. Så lit då alltid på Herren,for Herren er eit evig fjell!

5. Han støyter ned dei ¬som bur i det høge,i ein utilgjengeleg by.Han jamnar byen med jordaog styrtar han i støvet.

6. Armingar og fattigfolkskal trakka han under fot.

Lengsle og tillit i nauda

7. Jamn er stigen åt dei ¬rettferdige,for dei rettvise banar du veg.

8. Herre, vi ventar på degog fylgjer den veg ¬du har fastsett.Vi lengtar og stundaretter deg og ditt namn.

9. Om natta stundar mi sjel ¬etter deg,ja, ånda i meg søkjer deg.Når dei held seg ¬til dine lover på jorda,lærer dei rettferd, ¬dei som bur i verda.

10. Får den gudlause nåde,lærer han ikkje rettferd.Han gjer urett i landetder rett skulle rå,og ser ikkje Herrens velde.

11. Herre, di hand er lyft,men det ser ingen.Lat dei skjemmast ¬når dei får sjådin brennhug for folket.Lat eld øyda dine ¬motstandarar!

12. Herre, du hjelper oss til fred.For alt det vi har gjort,det òg har du gjort for oss.

13. Herre, vår Gud! Andre enn duhar hatt herredøme over oss.Men berre deg ¬og ditt namn prisar vi.

14. Døde livnar ikkje,daudingar står ikkje opp.For du har kravt dei ¬til rekneskap,gjort ende på deiog rudt ut kvart minne om dei.

15. Du har gjort folket stort, Herre,gjort det stort og vunne ære,du gjorde alle ¬landsens grenser vide.

16. Herre, dei søkte deg i nauda,og kviskra fram bønerdå du tukta dei.

17. Liksom ei kvinne vrid seg ¬og skriknår riene kjem og ho skal føda,så har du laga det for oss, ¬Herre.

18. Vi er som svangre ¬og vrid oss i verk,men det er som føder vi vind.Vi har ikkje gjeve landet frelse,ingen vert fødd til å bu ¬på jorda.

19. Dine døde skal verta levande,mine lik skal stå opp.Vakna og rop av fryd,de som bur i molda!For di dogg er ei lysande dogg,og jorda gjev døde ¬attende til livet.

20. Gå inn i kovane dine, mitt folk,og lat att dørene etter deg!Gøym deg ei lita stund,til vreiden går over!

21. For sjå, Herren går ut ¬frå sin bustad;han vil straffa dei ¬som bur på jorda,for deira synd og skuld.Då skal jorda la koma for dagendet blod som er utrent der,og ikkje lenger løyna ¬dei drepne.