Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40
  41. 41
  42. 42
  43. 43
  44. 44
  45. 45
  46. 46
  47. 47
  48. 48
  49. 49
  50. 50
  51. 51
  52. 52
  53. 53
  54. 54
  55. 55
  56. 56
  57. 57
  58. 58
  59. 59
  60. 60
  61. 61
  62. 62
  63. 63
  64. 64
  65. 65
  66. 66

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jesaja 33 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Jerusalems naud og frelse

1. Ve deg som herjar,men ikkje sjølv er herja,du ransmann ¬som ingen har rana!Når du er ferdig med å herja,skal du herjast sjølv;når du sluttar å rana,skal dei rana deg.

2. Ver oss nådig, Herre, ¬vi ventar på deg!Ver du vår styrke kvar morgon,vår frelse når vi er i naud.

3. For di veldige røyst ¬rømer folka;når du reiser deg, ¬vert folkeslag spreidde.

4. Folk riv til seg hærfangsom når grashopper snøyer,som grashoppesvermarkastar dei seg over det.

5. Opphøgd er Herren, ¬han bur i det høge;han fyller Sion ¬med rett og rettferd.

6. Trygge tider skal du få sjå,ein rikdom av frelse, ¬visdom og kunnskap.Då skal age for Herren ¬vera Sions skatt.

7. Høyr, Ariels menn, ¬kor det skrik der ute!Sårt græt dei sendemenn ¬som tinga om fred.

8. Vegane ligg aude,ingen ferdast på stigane meir.Pakta vert broten ¬og vitne vanvørde;ingen bryr seg om menneske.

9. Landet sturer og visnar,Libanon sjuknar bort av skam,Saron er som den aude mark,Basan og Karmel misser lauvet.

10. No vil eg reisa meg, ¬seier Herren,no vil eg stå opp og stiga fram.

11. De er svangre med høy ¬og føder halm,min pust skal øyda dykk ¬som eld.

12. Folkeslag skal brennast til kalk,dei skal brennast ¬som avhoggen klunger.

13. Høyr kva eg vil gjera,de som er langt unna,og kjenn min styrke,de som er nær!

14. Syndarar skjelv ¬av redsle på Sion,angst har gripe dei gudlause:«Kven kan bu ¬ved ein øydande eld?Kven kan bu ved evige logar?»

15. «Den som ferdast i rettferdog talar det som er rett,som seier nei til vinning ¬vunnen med vald,som veiftar med handa og viserat han ikkje tek muter,stappar øyro til ¬for all tale om bloddåd,og lèt augo att ¬for det som er vondt,

16. han får bu på høge stader,bratte fjell er hans vern;han får sitt brød ¬og vantar ikkje vatn.»

17. Med eigne augo skal du skodaKongen i hans herlegdom,og du får sjå eit vidsveimt land.

18. Du skal tenkja på redsla ¬som rådde:Kvar er han som skreiv og vog,kvar er han som talde tårna?

19. Du ser ikkje lenger ¬det frekke folket,folket med ¬det vanskelege språketsom ingen skjønar,med stammande tunge ¬som ingen kan tyda.

20. Sjå på Sion,byen der vi held våre høgtider!Augo dine skal skodaJerusalem, den trygge stad,teltet som ikkje skal flyttast,med pluggar ¬som ikkje skal rivast,og snorer som aldri slitnar.

21. For der er Herren, ¬den veldige, med oss.Der skal breie elvar strøyma;men på dei skal båtar ikkje gåog stolte skuter ikkje fara.

22. For Herren er vår domar,han er vår hovding,Herren er vår konge,han frelser oss.

23. Slakt heng tauverket ¬på dine skip,det held ikkje masta på plassog held ikkje seglet utspent.Då kan folk skifta hærfang ¬i mengd,jamvel lame ranar og plyndrar.

24. Ingen borgar skal seia: ¬«Eg er sjuk.»Dei som bur der,har fått sine synder tilgjevne.