Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40
  41. 41
  42. 42
  43. 43
  44. 44
  45. 45
  46. 46
  47. 47
  48. 48
  49. 49
  50. 50
  51. 51
  52. 52
  53. 53
  54. 54
  55. 55
  56. 56
  57. 57
  58. 58
  59. 59
  60. 60
  61. 61
  62. 62
  63. 63
  64. 64
  65. 65
  66. 66

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jesaja 25 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Valdsmenns velde er slutt

1. Herre, du er min Gud.Eg lovar deg ¬og prisar ditt namn.For i truskap og sanning ¬har du fullførtdei under du planla i gamal tid.

2. Du gjorde byen til ei steinrøys,festningsbyen til ein grushaug.Borga åt dei framande ¬er jamna med jorda,ho skal aldri byggjast meir.

3. Difor skal eit mektig folk ¬æra deg,i valdsmenns by ¬skal dei ottast deg.

4. Du vart eit vern ¬for dei verjelause,eit vern for dei fattige ¬i deira naud,ei livd mot styrtregn, ¬ein skugge mot hete.For valdsmenns fnysinger som styrtregn mot muren,

5. som hete i eit utturka land.Du døyvde bråket ¬åt dei framande.Som ei sky ¬gjev skugge mot hetenvart songen ¬åt valdsmenn døyvd.

Herrens gjestebod

6. På dette fjellet skal Herren, ¬Allhærs Gud,gjera eit gjestebod for alle folk,eit gjestebod med feite retter,eit gjestebod med gamal vin,med feite, mergfulle retterog gamal, klåra vin.

7. På dette fjellet skal han ta bortdet sløret som ligg ¬over alle folk,det sveipet som er lagt ¬over alle folkeslag.

8. Han skal gjera døden ¬til inkjes for alltid.Herren vår Gud skal turkatårene av alle andlet.Sitt folks vanære ¬skal han ta bortfrå heile jorda.For Herren har tala.

Israels frelse og Moabs undergang

9. Den dagen skal dei seia:«Sjå, dette er vår Gud!Vi venta på han,og han frelste oss;dette er Herren som vi ¬venta på.Lat oss gleda og fagna oss ¬over hans frelse!»

10. For Herrens hand skal kvilaover dette fjellet.Men moabittane skal trakkast ¬ned i sitt land,liksom halm vert nedtrakka ¬i gjødselvatn.

11. Der breier dei ut sine henderlik den som legg på sum.Men Herren bøyer ¬deira hovmodkor dei så kavar med hendene.

12. Dine høge festningsmurar ¬støyter han ned,han jamnar dei med jordaog styrtar dei i støvet.