Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40
  41. 41
  42. 42
  43. 43
  44. 44
  45. 45
  46. 46
  47. 47
  48. 48
  49. 49
  50. 50
  51. 51
  52. 52
  53. 53
  54. 54
  55. 55
  56. 56
  57. 57
  58. 58
  59. 59
  60. 60
  61. 61
  62. 62
  63. 63
  64. 64
  65. 65
  66. 66

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jesaja 36 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Sankeribs hærferd mot Juda

1. I det fjortande året Hiskia var konge, drog Sankerib, kongen i Assyria, mot alle festningsbyane i Juda og tok dei.

2. Så sende assyrarkongen hærføraren sin med ein stor hær frå Lakisj mot kong Hiskia i Jerusalem. Han stogga innmed vassleidningen frå Øvredammen, attmed vegen til Bleikjevollen.

3. Då gjekk slottshovdingen Eljakim, son til Hilkia, ut til han saman med riksskrivaren Sjebna og kanslaren Joak, son til Asaf.

4. Hærføraren ropa til dei: Sei til Hiskia: Så seier storkongen, kongen i Assyria: Kva er det du lit på, sidan du kjenner deg så trygg?

5. Meiner du at tome ord er råd og styrke i krig? Kven er det du lit på, sidan du har sett deg opp mot meg?

6. Du set nok di lit til Egypt, den brotne røyrstaven, som stikk hol i handa på dei som stør seg på han. Såleis er farao, kongen i Egypt, for alle som lit på han.

7. Men svarar du meg: «Det er Herren vår Gud vi set vår lit til», då spør eg deg: Var det ikkje hans offerhaugar og altar Hiskia tok bort, då han sa til folket i Juda og Jerusalem: «Berre framfor dette altaret skal de bøya dykk og tilbe?»

8. Gjer no eit vågemål med herren min, kongen i Assyria: Eg gjev deg to tusen hestar dersom du kan finna ryttarar til dei.

9. Korleis kan du då driva attende ein einaste statthaldar, ein av dei ringaste tenarane åt herren min, du som set di lit til Egypt og vonar at du skal få vogner og hestfolk derifrå?

10. Trur du kanskje at eg har drege mot dette landet for å øydeleggja det utan at Herren ville det så? Nei, Herren sjølv sa til meg at eg skulle dra opp mot dette landet og leggja det i øyde.

11. Då sa Eljakim, Sjebna og Joak til hærføraren: «Tal til tenarane dine på arameisk, for vi skjønar det. Tal ikkje Judea-mål til oss, så folket som står på muren, høyrer det.»

12. Men hærføraren svara: «Trur du herren min har sendt meg for å seia dette berre til herren din og til deg? Nei, det er like mykje til mennene som sit på muren, dei som snart må eta sin eigen skit og drikka sitt eige vatn, liksom de.»

13. Så steig hærføraren fram og ropa med høg røyst på judeisk: Høyr kva storkongen, kongen i Assyria, seier!

14. Så seier kongen: Lat ikkje Hiskia narra dykk! For han kan ikkje berga dykk.

15. Lat ikkje Hiskia få dykk til å lita på Herren, når han seier: «Herren vil nok berga oss. Denne byen skal ikkje gjevast i hendene på assyrarkongen.»

16. Høyr ikkje på Hiskia! For så seier kongen i Assyria: Gjer fred med meg, og gjev dykk over til meg! Så skal de få eta, kvar av sitt vintre og sitt fikentre, og drikka vatn, kvar or sin brunn,

17. til dess eg kjem og tek dykk med til eit land som er likt dykkar eige, eit land med korn og druesaft, med brød og vingardar.

18. Lat ikkje Hiskia få lokka dykk når han seier: «Herren vil nok berga oss.» Har vel andre folks gudar berga sine land for kongen i Assyria?

19. Kvar er gudane åt Hamat og Arpad? Kvar er gudane åt Sefarvajim? Og kvar er gudane åt Samaria? Har dei berga landet ut or mi hand?

20. Kven var det av gudane i alle desse landa som berga landet sitt ut or mi hand? Og så skulle Herren kunna berga Jerusalem!

21. Dei tagde og svara ikkje eit ord. For kongen hadde sagt frå at dei ikkje skulle svara han.

Herren bergar Jerusalem

22. Så kom slottshovdingen Eljakim, son til Hilkia, riksskrivaren Sjebna og kanslaren Joak, son til Asaf, med sundrivne klede til Hiskia og fortalde kva hærføraren hadde sagt.