Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40
  41. 41
  42. 42
  43. 43
  44. 44
  45. 45
  46. 46
  47. 47
  48. 48
  49. 49
  50. 50
  51. 51
  52. 52
  53. 53
  54. 54
  55. 55
  56. 56
  57. 57
  58. 58
  59. 59
  60. 60
  61. 61
  62. 62
  63. 63
  64. 64
  65. 65
  66. 66

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jesaja 3 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Jerusalem snåvar, og Juda fell

1. Sjå, Herren, Allhærs Gud,tek bort frå Jerusalem ¬og Judakvar stav dei stør seg til:kvar støtte av brød ¬og kvar støtte av vatn,

2. både krigar og stridsmann,domar, profet, ¬spåmann og eldste,

3. femtimannsførar ¬og høgvørd mann,rådgjevar, trollmann ¬og kunnig åndemanar.

4. Så gjev eg dei born ¬til styresmenn,villstyringar skal rå over dei.

5. Folk skal vera harde ¬med kvarandre,mann med mann ¬og granne med granne;guten skal setja seg opp ¬mot den gamle,fanten mot fagnamannen.

6. Når ein mann tek fatt ¬i ein annani huset åt far hans og seier:«Du har ei kappe, ¬du skal vera vår hovding,over denne ruinen ¬skal du styra,»

7. så tek den andre til ords ¬og svarar:«Eg vil ikkje fetla sår.I mitt hus finst det korkje brød ¬eller klede.Set ikkje meg til hovding ¬over folket!»

8. Ja, Jerusalem snåvar, ¬og Juda fell,for i ord og gjerning ¬står dei Herren imotog trassar hans herlege åsyn.

9. Deira andletsuttrykk ¬vitnar imot dei,og liksom folket i Sodomatalar dei utan dulsmål ¬om si synd.Ve dei! ¬Dei fører ulukke over seg.

10. Sei at det går den ¬rettferdige vel,han skal nyta frukta ¬av sine gjerningar.

11. Men ve den gudlause! ¬Han går det ille,han får att for det han har gjort.

12. Mitt folk har born ¬til styresmennog kvinner rår over det.Mitt folk, ¬dine leiarar fører deg vilt,gjer vegen du går på, til ¬villstig.

Herren held rettargang

13. Herren stig fram og vil ¬føra sak,han står opp ¬og vil døma sitt folk.

14. Herren held rettargangmed dei eldste og ¬stormennene i folket.«Det er de som har gnege ¬vingarden snau,rov frå dei fattige har de i husa!

15. Korleis kan de knusa mitt folkog slå dei hjelpelause ¬i andletet?»lyder ordet frå Herren, ¬Allhærs Gud.

Dom over Sions døtrer

16. Herren har sagt:Fordi Sions døtrer briskar seg,og går med bratt nakke,spelar med augo ¬og går og tripparog ringlar med sine fotringar,

17. så skal Herren la Sions døtrerverta fulle av skurv i hovudetog gjera dei snaue om panna.

18. Den dagen skal Herren ta frå dei all stasen deira: fotringane, solene og halvmånane,

19. øyreringane, armbanda og sløra,

20. hovudpynten, fotkjedene og belta, lukteflaskene og amulettane,

21. fingerringane og naseringane,

22. høgtidsbunadene, kåpene, sjala og veskene,

23. speglane, underkjolane, hovudplagga og kasteplagga.

24. Då vert det illtev ¬i staden for vellukt,reip i staden for belte,fleinskalle ¬i staden for kunstige krøller,strieplagg ¬i staden for staskledeog brennemerke ¬i staden for venleik.

25. Mennene dine ¬skal falla for sverd,kjempene dine i striden.

26. Sions portar ¬skal syrgja og klaga,som når ei kvinne har mist altog sit einsam att på jorda.