Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 4 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Debora og Barak

1. Då Ehud var borte, gjorde israelittane atter det som vondt var i Herrens augo.

2. Då gav Herren dei i hendene på Jabin, kanaanearkongen som styrte i Hasor. Hærføraren hans heitte Sisera; han budde i Harosjet-Haggojim.

3. Israelittane ropa til Herren. For Jabin hadde ni hundre jernvogner, og han fór hardt fram mot israelittane i tjue år.

4. På den tid var Debora, kona til Lappidot, domar i Israel. Ho var ei profetkvinne

5. og sat ofte under det palmetreet som vart heitande Debora-palma, mellom Rama og Betel i Efraims-fjella. Og israelittane kom til henne for å få dom i rettssaker.

6. Debora sende bod etter Barak, son til Abinoam, frå Kedesj i Naftali-landet og sa til han: «Høyr kva Herren, Israels Gud, seier til deg: Ta ut og gå opp på Tabor-fjellet! Og ha med deg ti tusen mann av Naftali- og Sebulons-sønene!

7. Så skal eg dra Sisera, hærføraren til Jabin, med vognene og heile hæren hans bort til deg, til Kisjon-bekken, og gje han i di hand.»

8. Då svara Barak: «Går du med, går eg òg. Går du ikkje med, går ikkje eg heller.»

9. Debora sa: «Visst går eg med. Men då er det ikkje du som får æra for den ferda du gjer. For Herren skal gje Sisera i kvinnehand.» Så budde ho seg og vart med Barak til Kedesj.

10. Og Barak kalla Sebulons- og Naftali-ættene saman i Kedesj. Ti tusen mann fylgde han, og Debora var med.

11. Den gongen hadde Heber, ein av kenittane, som var ætta frå Hobab, verbror til Moses, skilt lag med ætta si. Han hadde flytt telta sine til Sa’anannim-eika, som står nær Kedesj.

12. Då Sisera fekk spurt at Barak Abinoamsson var faren opp på Tabor-fjellet,

13. samla han alle vognene sine, ni hundre jernvogner, og alt det folket han hadde, og førte dei frå Harosjet-Haggojim til Kisjon-bekken.

14. Då sa Debora til Barak: «Kom no! For i dag vil Herren gje Sisera i dine hender. Herren går føre deg i striden.» Så fór Barak ned frå Tabor-fjellet, og ti tusen mann var med han.

15. Herren sette støkk i Sisera og gjorde at stridsvognene og heile hæren hans kom i røre, så dei ikkje kunne stå seg for Barak. Då sprang Sisera ned av vogna og rømde til fots.

16. Men Barak sette etter vognene og hæren radt til Harosjet-Haggojim, og heile hæren til Sisera fall i striden. Det vart ikkje att ein einaste mann.

17. Sisera sjølv rømde og kom til teltet åt Jael, kona til kenitten Heber. For det rådde fred mellom Jabin, kongen i Hasor, og ætta til Heber.

18. Jael gjekk ut imot Sisera og sa: «Kom inn, herre, kom inn til meg! Du treng ikkje vera redd!» Då gjekk han inn i teltet til henne, og ho gøymde han under eit åkle.

19. Så sa han: «Kjære deg, gjev meg litt vatn! Eg er så tyrst.» Ho opna ei mjølkeflaske, lét han få drikka og breidde på han att.

20. Då sa han til henne: «Stå i teltdøra, og kjem det einkvan og spør om det er nokon her, så svar: Nei!»

21. Då tok Jael, kona til Heber, ein teltplugg og gjekk stilt inn til Sisera med ein hamar i handa. Og medan han, trøytt som han var, låg i djupaste svevnen, slo ho teltpluggen gjennom tinningen hans, så han gjekk ned i jorda. Såleis døydde Sisera.

22. I same belet kom Barak, som forfylgde Sisera. Jael gjekk ut imot han og sa: «Kom, så skal eg syna deg den mannen du leitar etter.» Han gjekk med henne inn, og då fekk han sjå Sisera liggja der livlaus med teltpluggen gjennom tinningen.

23. Den dagen bøygde Gud Jabin, kanaanearkongen, i kne for israelittane.

24. Og herredømet deira vart meir og meir tyngjande for Jabin, til dei reint gjorde ende på han.