Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 16 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Ein gong kom Samson til Gasa. Der fekk han sjå ei skjøkje, og han gjekk inn til henne.

2. Då det spurdest mellom folket i Gasa at Samson var komen dit, ringa dei han inne og lurte på han attmed byporten heile natta. Men dei heldt seg i ro så lenge det var natt, og sa: «Vi ventar til det dagast; då skal vi slå han i hel.»

3. Samson vart liggjande til midnatt; då stod han opp. Han tok tak i dei to dørene i byporten og dei to portstolpane, rykte dei opp saman med portbommen og la dei på akslene. Så bar han dei opp på toppen av det fjellet som ligg midt for Hebron.

Samson og Dalila

4. Sidan vart Samson glad i ei kvinne i Sorek-dalen, som heitte Dalila.

5. Då kom filistarfyrstane opp til henne og sa: «Sjå om du kan få lokka han til å seia kvar han har den store styrken sin frå, og korleis vi kan rå med han og binda han, så vi får bukt med han. Så skal kvar av oss gje deg elleve hundre sekel sølv.»

6. Då sa Dalila til Samson: «Kjære, sei meg kvar du har den store styrken din frå, og korleis du kan bindast, så ein får bukt med deg.»

7. Samson svara: «Dersom dei bind meg med sju rå senestrenger som ikkje har turka, så veiknar eg og vert som eit anna menneske.»

8. Då kom filistarfyrstane opp til henne med sju rå senestrenger som ikkje hadde turka. Dei batt ho han med,

9. og i kammeret hadde ho folk som sat på lur. Så ropa ho: «Filistarane er over deg, Samson!» Då sleit han av strengene; dei brast som ein strytråd når han kjem nær elden. Og ingen fekk vita kvar han hadde styrken sin frå.

10. Så sa Dalila til Samson: «Du har narra meg og loge for meg. Sei meg no korleis du kan bindast!»

11. Han svara: «Dersom dei bind meg godt med nye reip som aldri har vore bruka til noko, så veiknar eg og vert som eit anna menneske.»

12. Dalila tok nye reip og batt han med, og så ropa ho til han: «Filistarane er over deg, Samson!» I kammeret sat det folk på lur, men han sleit reipa av armane sine som var det tråd.

13. Då sa Dalila til han: «Til dessa har du narra meg og loge for meg. Sei meg no korleis du kan bindast!» Han svara: «Ja, dersom du vev dei sju hårflettene mine saman med varpet i veven.»

14. Ho så gjorde og feste det med pluggen. Så ropa ho: «Filistarane er over deg, Samson!» Då vakna han or svevnen og reiv ut både vevpluggen og varpet.

15. Så sa ho til han: «Korleis kan du seia at du har meg kjær når du ikkje har tiltru til meg? No har du narra meg tre gonger og ikkje sagt kvar du har den store styrken din frå.»

16. Som ho tagg og bad dag etter dag og ikkje lét han få fred, vart han så lei seg at han mest ville døy.

17. Så sa han henne heile sanninga: «Det har aldri kome rakekniv på mitt hovud; for eg har vore ein Guds nasirear alt frå mors liv. Vert eg raka, fer styrken min frå meg; eg veiknar og vert som alle andre menneske.»

18. Då skjøna Dalila at han hadde sagt henne heile sanninga. Ho sende bod etter filistarfyrstane og sa: «Kom no opp! For denne gongen har han sagt meg heile sanninga.» Då kom filistarfyrstane opp til henne, og pengane hadde dei med seg.

19. No svevde ho Samson i fanget sitt og ropa på ein mann som kom og raka av han dei sju hårflettene. Så tok ho til å plaga han, og styrken hans fór frå han.

20. «Filistarane er over deg, Samson!» ropa ho. Då vakna han or svevnen og tenkte: «Eg skal nok riva meg laus og gjera meg fri, som så mang ein gong før.» For han visste ikkje at Herren hadde vendt seg frå han.

21. Filistarane tok Samson, stakk ut augo på han og førte han ned til Gasa. Der batt dei han med koparlekkjer, og så laut han sveiva handkverna i fangehuset.

22. Men håret hans tok til å veksa med det same det var raka.

23. Filistarfyrstane kom no saman og bar fram eit stort slaktoffer for Dagon, guden sin, og heldt fest. Dei sa:«Vår gud har gjeve Samson,uvenen vår, i våre hender.»

24. Og då folket fekk sjå han, lova dei guden sin og sa:«Vår gud har gjeve uvenen våri våre hender,han som herja landet vårtog drap så mange av oss.»

25. Som dei no var komne i godlag, ropa dei: «Henta Samson hit, så vi kan ha moro med han.» Så henta dei Samson or fangehuset, og dei hadde moro med han. Dei stelte han opp mellom stolpane.

26. Då sa Samson til guten som leidde han: «Slepp meg! Lat meg få halda i dei stolpane som huset kviler på, og stø meg til dei.»

27. Men huset var fullt av menn og kvinner, og alle filistarfyrstane var der. Og på taket var det om lag tre tusen menn og kvinner som såg på at dei hadde moro med Samson.

28. Då ropa Samson til Herren og sa: «Herre Gud, kom meg i hug og styrk meg denne eine gongen, så eg får hemnt meg på filistarane for det eine av augo mine.»

29. Så femnde han om dei to midtstolpane som huset kvilte på, og klemde dei innåt seg, ein med høgre og ein med venstre armen,

30. og sa: «Lat meg få døy saman med filistarane!» Så tok han i med all si makt. Då ramla huset i hop over fyrstane og over alt folket som var der. Og dei han drap då han døydde, var fleire enn dei han hadde drepe medan han levde.

31. Brørne hans og alt skyldfolket kom ned og henta han. Dei førte han heim og la han i grava åt Manoah, far hans, mellom Sora og Esjta’ol. Då hadde han vore domar i Israel i tjue år.